• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Samlingstund for låvesvaler

Samlingstund for låvesvaler – ein sein augustkveld i takrøyra ved Ulvenvatnet. (Ingvar Grastveit)

VÅTMARK I VEGKANTEN

Ulvenvatnet har vore rekna som den mest artsrike våtmarka i fylket. Likevel er ikkje området verna, og blir det heller ikkje. Nyvegen frå Os til Bergen deler nemleg vatnet i to.

Sjølv om det er mange artar, er det få av dei som er talrike. Til dømes finst her berre nokre få hekkepar av krikkand, toppand, stokkand og raudstilk. Vipa er meir vanleg. Somme år har dessutan eit par av den sjeldne sothøna hekka her. Knoppsvana gjorde hekkeforsøk ved Ulvenvatnet for nokre år sidan, som første stad i fylket. Det er òg teikn til at svært uvanlege fuglar, som myrrikse og dvergdukkar, kan ha hekka her eit år. Tidlegare fanst endåtil ein av Hordalands største hekkekoloniar av sandsvaler ved eit sandtak på Ulven. Etter at sandtaket vart grave ut, forsvann svalene med sanden.

Ulvenvatnet er endå viktigare som trekklokalitet enn som hekkeplass. På seinhausten rastar til dømes fleire titals enkeltbekkasinar på myrane ved vatnet. Den sjeldsynte kvartbekkasinen er vanlegare her enn nokon annan stad i fylket. Han er rett nok sjeldan å sjå; det kjem av at fuglen oftast er så motvillig til å flytta seg at ein nesten trakkar på han.

Produksjonen av fjørmygg og andre insekt er god i Ulvenvatnet, men er sjeldan til plage for turgåarar. Insekta flyg gjerne høgt – det ser ein på svalene som jaktar intenst i timen før det blir mørkt. Det finst òg fleire uvanlege artar av augestikkarar, og sikkert mangt som enno ikkje er kartlagt. Ulvenvatnet er frodig, med vegetasjon langs heile strandlinja. Midt på nordsida av vatnet veks eit tett belte av takrøyr; det er her fuglane helst søv. Maten finn dei andre stader. Dei viktigaste næringsområda for fuglane er dei stadene der dei utbreidde vassplantene elvesnelle, flaskestorr og sjøsivaks veks. Nærleiken til eit militært øvingsområde er til å leva med for fuglane, men ternene som hekkar på ein holme i nordenden av vatnet, kan nok styra seg. Heller ikkje låvesvalene synest å vera særleg nøgde når nattesøvnen blir uroa av skyting ved Ulven leir. Forresten kan ein feit karuss som veltar seg i vassyta, stundom gje same verknaden for natteroa. Verknaden av nyvegen veit vi enno lite om.

  • Stein Byrkjeland fangar svaler for ringmerking

Møtestad for Låvesvaler

At Ulvenvatnet har eit rikt fugleliv, har vore kjent sidan 1960-talet. Men det var først i 1993 ein oppdaga at store mengder låvesvaler overnatta i takrøyrbeltet i vatnet.

 

Ringmerking har vist at svalene kjem frå eit stort omland, frå Austrheim i nord til Jæren i sør.Overnattinga tek til i juli og held fram til midten av september. Det er mest ungfuglar av året som samlar seg. Dei er urøynde fuglar, som må forlata «farsgarden» når foreldra tek til med det andre kullet av året. Der dei møtest, samlar dei gjerne røynsler og krefter før dei skal finna vegen til Sør-Afrika, 10 000 kilometer borte, utan hjelp frå fuglar som har vore der før.

 

Ulvenvatnet er ein av dei viktigaste av dei 35–40 overnattingsplassane for låvesvaler i Noreg. Einskilde kveldar kan her vera mellom 5000 og 10 000 fuglar. Truleg er det stor trafikk mellom Ulvenvatnet og Purkebolsvatnet i Austrheim, som ligg 90 kilometer unna. Derfor varierer mengdene mykje frå år til anna og frå dag til dag.

  • Byrkjeland, S. 1997. Flere låvesvaler i år? Vår Fuglefauna 20:81–82.
  • Byrkjeland, S.; Grastveit,I.; Reigstad, T. B. 2000. Ornitologisk status for Ulvenvatnet, Os kommune. Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland,rapport.
  • Norsk Ornitologisk Forening. 1995. Veg eller natur i Os? Rapport.