• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frostrøyk i Osdalføret.

KULDEHOL

Kjem du køyrande ein klår vårmorgon, eller ein sein haustkveld, mellom Søfteland og Ulven, må du ta det roleg i svingane. Her kan temperaturen i vegbana koma under 0 ºC lenge før andre stader i kommunen. I klåre, stille netter skjer det ei kraftig nedkjøling av jordoverflata. På utsette stader kjem det bakkenære luftlaget og vegbana raskt under frysepunktet.

Særleg kaldt blir det i skyfrie netter utan vind vinterstid, når alle vatn er islagde. Kald, tung luft som då sig sakte nedover nær bakken, blir demd opp langs høgdedrag, bygningar og skog. Over lågtliggjande område på den flate strekninga frå Søfteland til Ulven og Tøsdal dannar det seg ein «kaldluftssjø» – inversjon – med dei lågaste temperaturane ved bakken og stigande temperatur oppover (sjå ramma). I strenge kuldebolkar kan temperaturen nær bakken gå under –25 ºC i dei mest markerte kuldegropene.

Høgare oppe i kaldluftslaget, som gjerne når opp til om lag 100 meter over bakken, går luftstraumen sakte mot Osøyro og Bjørnafjorden. Farten aukar i området nær fjorden. Turbulens i luftmassane og varme frå trafikk og hus svekkjer då inversjonen i tettstaden på Osøyro, slik at lufttemperaturen her sjeldan blir lågare enn omkring –12 ºC. I den svake vinden på Osøyro kjennest likevel kulden ofte like bitande som i den stille, mykje kaldare lufta over Søfteland.

Dette mønsteret i den lokale minimumstemperaturen finn ein i klåre netter til alle årstider, men i korte sommarnetter er kontrastane små. På fine sommardagar, derimot, er kuldegropene på Søfteland gjerne fleire grader varmare enn strandområdet i Os.

Mange andre stader i fylket kan òg visa til uvanleg låge vintertemperaturar når forholda ligg til rette, men det er på Søfteland fenomenet er best dokumentert.

Skjematisk vertikalsnitt av kaldlufta i stille, klåre vinternetter i eit snitt frå Sælehaugen til Osøyro. Mørk blå farge tyder svært kaldt og sterk inversjon. Fargen lysnar med stigande temperatur til toppen av kaldluftlaget.

Inversjon

I atmosfæren minkar vanlegvis temperaturen med høgda, i middel 0,6–0 ºC pr. 100 meter. Kald luft er tyngre enn varm luft, og såleis blir det lett vertikal blanding av lufta. I stille og klåre netter kan avkjølinga vera stor – særleg ved bakken. Temperaturtilhøva kan då bli det motsette av det normale, slik at temperaturen aukar med høgda. Dette blir kalla temperaturinversjon. Den kaldaste og tyngste lufta ligg då nedst, og det blir inga vertikal blanding.

  • Kolderup, C. F. 1907. Bergensfeltene og tilstøtende trakter i senglacial og postglacial tid. Bergen Museums Årbok 1907:14.