• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lophelia pertusa

KORALLREV

Eitt av dei best kjende korallreva langs norskekysten ligg ved Litlesotra, i leia sør for Sotrabrua, frå 90 meters djup og nedover. Dei fleste vil forbinda korallrev med tropiske farvatn. Slike korallar krev lys for å leva. Det gjer ikkje djupvasskorallane på våre kantar. Det finst ei rekkje korallrev i Hordaland.

Dyrelivet på korallrevet ved Litlesotra har vore studert og omtala av forskarar frå 1890-åra og framover. Det er rapportert om funn av meir enn 300 artar på dette revet. Djupvassreva i våre farvatn er bygde opp av steinkorallen Lophelia pertusa (biletet). Det er eit nesledyr, som i likskap med andre korallar dannar kalkskjelett på havbotnen. Når korallane døyr, blir den blaute delen av dyret borte. Skjelettet blir ståande att, og på toppen av skjelettet etablerer nye korallar seg. Slik byggjer reva seg opp, skjelett på skjelett.