• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Storavatnet. Eldsfjellet i bakgrunnen

Skeising på Storavatnet. Eldsfjellet i bakgrunnen. (Torill Refsdal Aase)

Det er godt om aure og ein stor røyebestand i vatna i Rylandsvassdraget. Røya vart sett ut i Rylandsvatnet, truleg i 1907. Initiativtakarane var familien Ameln, som åtte mølla i Rylandsvågen og delar av garden Ryland.

I 1930-åra vart røya spreidd til Storavatnet, der det var ein god bestand fram til 1970- åra. Sidan har dette endra seg, småfisken har teke overhand. Ei gytemogen røye veg i dag berre 160 gram. Det har vore tilrådd å ta opp 4–5 tonn røye på eitt år for å få akseptabel storleik. Røya i Rylandsvatnet har derimot fin storleik. Auren i vassdraget er av bra kvalitet – det er teke aure på 5–6 kilo i Storavatnet.

Ved Rosslandspollen, der Rylandsvassdraget når sjøen, stod det fram til 2005 ei ålefelle som fanga all ål som vandra ut elva. I gjennomsnitt var denne ålen 1,5–2,0 kilo stor, og årleg vart det fanga 400–600 kilo i fella. I tillegg vart det teken fleire hundre kilo i åleruser i Rylandsvatnet. Verdsbestanden av ål braut saman frå tusenårsskiftet og har sidan vore på eit særs lågt nivå, så lågt at arten har kome på den norske raudlista. Denne nedgangen er særs tydeleg også på Vestlandet og ikkje minst i Rylandsvassdraget. Eit smoltanlegg i Rosslandsvågen er eit vandringshinder for sjøauren, men neppe i same grad for ålen. Ålen er katadrom og lever store delar av livet sitt i sjøen, og det er nok der hovudårsaka til tilbakegangen er å finne. Den sterke bestandsnedgangen gjer at det ikkje lenger er lov å fange ål i Noreg, anna enn til forskingsfangst.

Storavatnet og områda kring er mykje nytta til friluftsliv. Kano og kajakk er populært framkomstmiddel, det er rydda og bygd kilometervis med merka turstier og det er fleire fine holmar i vatnet som er godt eigna til telting. Furuskogen er rik på hjort. På sørsida av Storavatnet ligg den 107 meter høge Gripakletten, med grovvaksen, gammal furuskog. Mange av trea er høge og rettstamma og godt kvista på den nedre delen, andre er krokete og stutte. Delar av denne skogen står på eit djupt jordsmonn, med næringsrik amfibolitt. Sjølv grove furutre treng ikkje å vera stort meir enn 100 år gamle når grobotnen er så god. Mange furutre på Gripakletten er likevel eldre enn dette. Blant lyng og mose i denne skogen veks knerot, ein sjeldsynt orkidé i Hordaland.

  • Arnt Brakstad har drive kultiveringsarbeid i Storavatnet i 30 år.

Arnt Brakstad har drive kultiveringsarbeid i Storavatnet i 30 år. Kvart år, om sommaren og tidleg på hausten, tek han opp til 1 tonn røye med flytegarn. (Eirik Brekke)

  • Ålefella ved utløpet av vassdraget vart fjerna i 2005.

Ålefella ved utløpet av vassdraget vart fjerna i 2005. (Svein Nord)

  • Vøllestad, L. A. 1992. Ål. I: Jonsson, B.; Semb-Johansson, A. (red.): Norges Dyr, Fiskene 1:88–93.