• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

The geology along Oster Fjord and further eastward, in cross-section and on the surface. (Haakon Fossen)

Geologien langs Osterfjorden og vidare austover i snitt og i overflata. (Haakon Fossen)

DÅ BERGENSBOGANE SEIG NED

Bergensbogane har ei uvanleg skarp grense mot bergartane i aust. Geologane meiner at dette har samanheng med store rørsler i jordskorpa i devontida. Då sokk Bergensbogane på Lindåshalvøya ned heile 10 kilometer i høve til grunnfjellsgneisane på austsida av Fensfjorden og Austfjorden.

Sjølve rørslesona følgjer desse fjordane. På land kan sona studerast i Ostereidetog Bjørsvikområdet.

Omkalfatringa starta for rundt 400 millionar år sidan, då bergartane låg på store djup i jordskorpa. I dette djupet var det så varmt at fjellet oppførte seg som ein seig deig under rørslene. Slike rørslesoner blir kalla skjersoner på fagspråket; namnet på denne sona er Bergensbogeskjersona. Medan berget var mjukt, flytta det som no er Lindåshalvøya, seg nedover i høve til grunnfjellet i aust gjennom millionar av år.

Gjennom uendelege tidsrom vart lag på lag fjerna av dei nedbrytande kreftene i heile området, samstundes som rørslene heldt fram mellom Lindåshalvøya og landet på austsida. Dermed kom bergartane,som opphavleg låg djupt nede i jordskorpa, opp på grunnare djup, slik at temperaturen sokk i desse bergartane. Fjellet vart stadig stivare, og det som tidlegare var ei brei og mjuk skjersone, vart til ei smal og sprø forkasting. Slik vart Fensfjordforkastinga til; siste delen av rørslehistoria skjedde langs denne forkastinga. Oppknust fjell, som er eit resultat av forkastinga, saman med kalk- og kvartskrystallar, kan finnast langs dalskråningane nord for Bjørsvik. I landskapet er forkastinga tydeleg, som det smale søkket frå Bjørsvik over til Stallbotnen.

Skjersoner og forkastingar

Rørsler i jordskorpa kan skje ved at bergartar blir brotne opp i blokker, skilde av rørslesoner. Dersom fjellet er brote tvert av i ei slik sone, er sona ei forkasting. Har derimot rørsla skjedd djupt nede i jordskorpa, vil bergartane blir strekte som deig og danna ei skjersone.

  • Geologien langs Osterfjorden

Lindåstrauet

Bergartane på Lindåshalvøya ligg i ei svær trauform, eller synform. Denne mektige geologiske strukturen grensar til Bergensbogeskjersona i aust. Langs europavegen frå Knarvik til eit stykke forbi Leknes hallar gneislaga steilt mot aust (1), og dei dannar markerte åsrygger og dalar. Langs vegen vidare mot Eikangervågen ligg bergartane mykje flatare (2), noko som viser att i det låge terrenget. I dette området er botnen av den store trauforma passert. Lenger austover mot Romarheim overtek bergartar med lagdeling som hallar mot vest (3). «Lindåstrauet» vart til då berglaga vart pressa saman for kring 400 millionar år sidan. Det er mogleg at denne traudanninga er direkte knytt til rørslene langs Bergensbogeskjersona.

Gneislaga er steilt mot aust og dei dannar markerte åsrygger og dalar.

(1)Langs europavegen frå Knarvik til eit stykke forbi Leknes hallar gneislaga steilt mot aust og dei dannar markerte åsrygger og dalar. (Svein Nord)

Langs vegen vidare mot Eikangervågen ligg bergartane mykje flatare.

(2) Langs vegen vidare mot Eikangervågen ligg bergartane mykje flatare. (Svein Nord)

Lenger austover mot Romarheim overtek bergartar med lagdeling som hallar mot vest.

(3) Lenger austover mot Romarheim overtek bergartar med lagdeling som hallar mot vest. (Svein Nord)

  • Fossen, H. 1993. Structural evolution of the Bergsdalen Nappes, Southwest Norway. Norges Geologiske Undersøkelse 424:23–50.
  • Wennberg, O. P.: Milnes, A. G.; Winsvold, I. 1998. The northern Bergen Arc Shear Zone – a oblique-lateral ramp in the Devonian extensional detachment system of western Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift 78:169–184.