• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Brureiki

BRUREIKI PÅ LOTE – TJUKKAST I NOREG

Brureiki er ei freda eik på garden Lote. Ho står tett ved vegen, eit par steinkast frå det gamle tunet frå tida før utflyttinga etter jordskiftet. Omkrinsen til denne kjempa er 10,3 meter. Ein veit ikkje om tre som er tjukkare enn dette i Noreg. Ho kan vera 900 år gammal, men dette talet er usikkert. Frå gammalt hadde brurefølgja båtlanding på denne staden når dei kom frå kyrkja. Ved Brureiki vart bruradrammen skjenkt, deretter gjekk følgjet vidare til bryllaupsgarden.