• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Låtefossen

EI UTILPASSA ELV

Låtefossen, eller rettare sagt fossane, styrtar 165 meter utfor fjellet, 51 av dei i fritt fall – til glede for dei mange turistane ved riksvegen under. Det spektakulære synet er i hovudsak sett i scene av Storelvi i dalen nedanfor fossen.

Langs riksveg 13 renn Storelvi i ein dal med retning sør-nord. Dalen følgjer ei forkastingssone med mykje sprekkar og laust fjell. At det er planar om å leggja vegen i tunnel på denne strekninga, er ikkje rart. Det rasar ofte stein ned på vegen. Steinurer langs begge dalsider og kampesteinar på elveslettene og ute i sjølve elva vitnar òg om laust fjell. Ein av tunnelane ved Sandvinvatnet nedanfor Storelvi heiter med rette Lausasteinstunnelen.

Før istidene var ikkje dalen så djup. Saman med andre elvar nådde Storelvi sjøen heilt ute ved kysten, der Hardangerfjorden no munnar ut. Under istidene grov breane ut fjordane – og Storelvi fekk mykje stuttare veg ned til sjøen. Elva vart tilsvarande bratt. Det oppknuste fjellet gjorde at ho kunne grava seg ekstra djupt ned i terrenget. Derfor har ho vore i stand til å jamna ut elveprofilet, særleg nedanfor Steinaberg bru, der elva etter kvart går over frå jamne stryk til å flyta stille ned mot Sandvinvatnet. Annleis er det med sideelva Austdøla med vatn frå Reinsnosvatnet, og lenger nede, Låtevatnet: Med fastare fjellgrunn og mindre vatn i elveleiet har ho ikkje makta å grava like snøgt som Storelvi. Låtefossen er resultatet. Dei to nesten like store fossane kjem frå same vatnet. Det kjem av to utløpstersklar i om lag same høgd. Ein gong i fjern geologisk framtid vil fossane vera vekke – Austdøla vil ha tilpassa seg dalbotnen som Storelvi så effektivt har meisla ut. Men enn så lenge er Austdøla utilpassa.

Låtefossen skil seg frå mange andre vestlandsfossar. Til vanleg lærer vi at hengjande dalar kjem av at hovudbrear har grave djupare enn sidebrear, slik det er mange døme på i Odda. Dette fører til at elva i sidedalar har fossefall eller stryk ned til hovuddalen. For Låtefossen er situasjonen ein annan: Hovuddalen der Storelvi renn, er ikkje breen, men elvane sitt verk. Meir effektivt elvearbeid i hovuddalen enn i sidedalen, der Austdøla renn, har gitt unnarenn for Låtefossen.