• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Valldalen

Frå Valldalen, framfor gamle Valdalsæter turisthytte, som vart flytta lenger inn i dalen etter oppdemminga. Her var det òg gard i eldre tider med 250 mål dyrka mark. (Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum 1-03708)

STØLSDALEN SOM VART NEDDEMD

Valldalen eller Valdalen, namnet som bygdefolket brukte i eldre tider, hadde lenge fast busetnad og vart seinare den største stølsdalen på Vestlandet. Sidan den tid har endringane vore store: Dei fleste markene er ikkje lenger i bruk. Bjørkeskogen, ein skog som har hatt rotfeste i dalen i tusentals år, tek meir og meir over. Og i dalbotnen held Valldalsdammen det kunstig store Valldalsvatnet på plass.

Dalføret vart isfritt for vel 10 000 år sidan. Bjørk var det vanlegaste treslaget dei første 2000–3000 åra. I den varme perioden som følgde, tok furua over. Deretter kom ein periode med mykje gråor. Sidan jernalderen har bjørk vore det viktigaste treslaget i dalføret att.

Vegetasjonshistoriske granskingar tyder på at det budde folk i Valldalen alt i steinalderen. Den tidlegaste busetnaden var så vidt ein veit ved Ullsheller, på austsida av det opphavlege Valldalsvatnet. I siste delen av bronsealderen (for om lag 3000 år sidan) var det både husdyr og kornåkrar her. Truleg slutta folket i Valldalen å dyrka korn før jernalderen tok til, kanskje fordi klimaet vart kaldare. Husdyr har det nok vore så lenge det budde folk i dalen, dei siste flytta rett etter krigen.

I førre hundreåret, før oppdemminga, vart Valldalen nytta til sommarbeite, med 18 stølsbruk på det meste. I 1930-åra kunne det vera opptil 7000 geiter og 1000 kyr på stølane. Fram til slutten av 1950-åra låg det eit ysteri som produserte geitost, nedst i Austmannalia, der vegen tek av inn mot Valldalen. Seinare vart det bygt nytt ysteri nærare Røldal. Det er langt færre geiter og kyr i dalføret no enn tidlegare. Gammal beitemark veks derfor til med bjørkeskog.

Grunnlaget for den frodige vegetasjonen er eit tjukt morenedekke, med mykje fyllitt frå berggrunnen. Fyllitten forvitrar lett og frigir viktige plantenæringsstoff. God tilgang på kalk gir vekstvilkår for mange kravstore artar, spesielt på aust- og nordsida av dalen, mellom anna reinrose, fjellsmelle, rukkevier, raudsildre og gulsildre.

Valldalen ligg i den nordaustlege delen av Suldalsvassdraget, som renn ut i Boknafjorden ved Sand i Ryfylke som Suldalslågen. Den sørvestlege delen av Hardangervidda blir såleis drenert gjennom dalføret, og desse vassmassane er eit viktig fundament for kraftutbygginga i Røldal–Suldal. Den 90 meter høge Valldalsdammen vart reist i 1960-åra. Dei opphavlege strendene og det gamle kulturlandskapet vart slukt av kraftverksmagasinet. Dei fleste stølane er neddemde det meste av året, og alltid om sommaren.

  • Bjørka breier seg ved Grytingsstølen fordi beitedyra er borte

Bjørka breier seg ved Grytingsstølen fordi beitedyra er borte. (Svein Nord)

  • Raudskrubb
  • Brunskrubb

Raudskrubb (over) og brunskrubb veks i bjørkeskogen i Valldalen. (Jan Rabben)

  • Røldalsvatnet

Vassdragsregulering endrar lokalklimaet

På seinsommaren er vassmagasinet i Valldalsvatnet gjerne fylt til randa. Vatnet er då 6,8 km² stort, og vassyta ligg på 745 moh. Frå naturens side er vatnet berre 0,9 km² og nesten 50 meter lågare.

 

Når magasinet er fullt, har den store vassflata innverknad på klimaet i den nye strandsona. Oppvarming av store mengder kaldt smeltevatn om sommaren og avkjøling om hausten går langsamt. På varme, rolege sommardagar kan luft som strøymer inn over land frå den kalde vassflata, vera 2–3 °C kaldare enn lufta over land. I klåre, stille haustnetter er det omvendt. Då kan eit luftdrag inn over land frå vatnet gjerne heva temperaturen 3–4 °C, og dermed minka faren for nattefrost. I den nye strandsona varer òg vekstsesongen gjerne litt lenger utover hausten enn før oppdemminga.

 

Den mest markerte og synlege verknaden av reguleringa ser vi likevel nede i Røldal vinterstid, når Røldalsvatnet er islagt. I streng kulde dannar det seg gjerne mykje frostrøyk over råka ved kraftverksutløpet. Då kan det henda at frostrøyken breier seg inn over flatlendet i bygda. Sterkt rimnedslag på tre og gjenstandar er òg eit synleg teikn på verknaden av den opne råka.

  • Rabbe, S. S. 1964. Artikkel i Hardanger Folkeblad 12.12.1964.