• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«MIN SAG HER I VERDEN ER DEN NORSKE MUSIK»

Det var i ein artikkel i Illustreret Nyhedsblad i 1862 at Ole Bull første gong la fram tanken om eit norsk musikkakademi. Ole Bull sitt arbeid for å skapa eit norsk akademi eller musikkonservatorium i 1860-åra var ein ærleg freistnad på å få i gang eit læresete der norsk folkemusikk var sjølve grunnlaget.

Det lukkast ikkje for Ole Bull, og det skulle gå over hundre år før ein annan av dei store musikarane våre, Sigbjørn Bernhoft Osa, tok opp tanken. I tida etter 1945 fekk den høgare musikkutdanninga her i landet si form, med Norges musikkhøgskole som krona på verket i 1973. Alt dette vart bygt opp utan at folkemusikken fekk plass i nokon av institusjonane. Hausten 1976 samla Sigbjørn Osa kring seg i heimen nokre gode vener som han trudde kunne vera med på å realisera Ole Bull sin draum. Sigbjørn var lite oppteken av formalitetar; han oppnemnde denne venekrinsen til styre for institusjonen. Hausten 1977 var arbeidet i gang. I dag står stiftinga Ole Bull-Akademiet som ein særmerkt og høgt verdsett del av høgskuleutdanninga i landet.

  • Kong Sverre i snestormen på Vossefjeldene, 1870

Bergslikunstnarane

Dei tre Bergslikunstnarane frå Voss har alle sett spor etter seg i norsk kunsthistorie. Knud Bergslien (1828-1908) vart etter studieår i Düsseldorf lærar ved Eckersbergs målarskule i Oslo, og skulen vart etterkvart kalla Bergsliens målarskule, der heile generasjonar av norske kunstmålarar gjekk i lære. Sjølv var han ein framifrå portrettmålar, og nokre kjende målarstykke i norsk kunst er av han, som «Birkebeinerne på ski over Filefjeld fører Håkon Håkonsøn som barn til Trondhjem» (1869). – Broren Brynjulv Bergslien (1830-1898) vart etter studieår i København ein av dei fremste bilethoggarane i Noreg. Dei mest kjende verka hans er Karl Johan til hest framfor Slottet i Oslo og Henrik Wergeland i Studenterlunden. Gustav Vigeland var ein takksam elev hjå Brynjulv Bergslien. Nils Bergslien (1852-1928) var brorson deira. Han slo seg etter studieår i Oslo og München ned i Eidfjord. Mykje av det han har måla, vart kjøpt opp av engelske og amerikanske turistar. Folkelivsskildring vart hans fremste genre.