• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Steinar finst det overalt i naturen, særleg der vi er omgitt av fjell og hamrar. I tusenvis av år har steinar ramla ned frå fjellsidene, til stor fare for folk og fe. Steinar har vore ein så viktig del av kulturen vår at vi har fått omgrepet «steinalderen». Stein fungerte som reiskap og våpen, og runene vart ofte rista på steinar – runesteinar. Vi set opp gravsteinar på kyrkjegardane med innskrift om den avdøde, og steinstøtter til minne om kjende personar. Steinar vart brukte som kultsteinar i eldgamle kulturar, bl.a. av keltarane, men og i Nordfjord. Dei hadde magisk funksjon. Tenk på Stonehenge i Wiltshire i England og statuane på Påskeøya. Les meir her.