• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sjøbruksmiljøet på Krossøy, Austrheim

Sjøbruksmiljøet på Krossøy (Svein Nord).

Lengst nord i øyriket Rongevær, ved innseglinga til Fensfjorden, ligg Krossøy. Til garden høyrer øyane Krossøy, Husøy, Kårøy, Lyngkjerringa, Søre Kjerringa, Rotøy og Kuhovet. Alle desse har vore busette. På sjølve Krossøy er det i dag fire bruk. Sjøbruksmiljøet her er eitt av dei best bevarte langs Vestlandskysten.

På Krossøy ligg innmark og bygningar på austsida av øya, med tuna trekte litt attende frå sjøen og nausta. Ein velbygd steingard avgrensar innmarka frå utmarka. Frå stovehusa går det ein stig til løa og ein til sjøen. Det er fisket som har vore hovudnæringa her ute ved havet; jordbruket har vore tilpassa det daglege hushaldet. På eitt av bruka er det også ei intakt smie, med blåsebelg, grue og verktøy.

Hamna ligg skjerma av nokre holmar. Sjøbruksbygningane ligg i ein tett krull, plasserte med omhug i ly for det tunge draget i sjøen etter uvêr i havet. Her ligg det naust, sjøbuer og torvhus. Ute på øyane vart det teke torv som vart lagra her. Kaiar, lunnar og hopar er mura i gråstein, sjøhusa er grindbygde; dei fleste frå slutten av 1800-talet. Kulturlandskap og bygningar på Krossøy er ein sjeldsynt harmonisk heilskap. Sjøbruksmiljøet har høg vernestatus i landssamanheng.

Den eldste skulen i Rongevær vart bygd i 1909. I 1933 vart han flytta til ei av naboøyane, Lyngkjerringa. Skulestova er i dag i bruk som Rongevær kurs- og fritidssenter; ein etterspurd seminarstad.

  • Gjertsen, K. R. (1978) Byggeskikk på Krossøy. I: By og bygd. Oslo, Norsk folkemuseum, s. 21-68.
  • Skagen, A. K. (1991) Kulturminnemiljø: øyane Austrheim kommune. Forprosjekt for vern og framtidig bruk. Bergen.