• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Kvalvågstraumen

KVALVEIDING

Mellom dei to gardane Kvalvågen og Ulvøyni går det eit langt, kroket sund. Det nordre innløpet, Kvalvågstraumen, er så grunt at det berre er farande med mindre båtar. Innløpet frå sør, Renningen, er derimot djupt. Her kunne kvalen finna vegen inn, men han kom ikkje ut att på den andre sida, gjennom Kvalvågstraumen. Når kvalen hadde forvilla seg inn ved Renningen, vart sundet sperra med ei stor not.

Kor langt bakover i tid det har vore drive kvalveiding her, veit ingen i dag, men gjennom heile 1800-talet var det drive fangst i dette sundet. Ved innløpet låg det alltid kastestein på berget til å skremma kvalen inn i sundet, slik at dei i ro og mak kunne stengja av med nota. Dei gamle passa nøye på at ikkje ungdommen heiv vekk steinen. Fangstreiskapen var enkel; ein harpun eller spyd som dei kasta med handmakt frå vanlege færingar. Det kunne vera litt av eit vågestykke å gå innåt når kvalen var vorten såra. Den siste kvalen vart teken her i 1928.