• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lyngoksen

Myrlaga på Lyngoksen er uvanleg tjukke, og øya skil seg dermed mykje ut frå dei fleste øyane ytst på kysten. Endåtil på høgdedraga av Lyngoksen er det fleire stader opptil to meter tjukk torv. Ei myr som dekkjer landskapet på slikt vis, blir kalla terrengdekkjande myr, eller teppemyr.

Lyngoksen har i lang tid vore dekt av lynghei og myr. I torva er det funne spor etter dei tidlegaste jordbrukarane på Hordalandskysten. Alt for 4300 år sidan, i yngre steinalder, vart skogen på øya fjerna, og lyngheiane som vart danna den gongen, er blant dei eldste daterte i Hordaland. Avskoginga gjorde at fordampinga frå overflata vart mindre. Det resulterte i forsumping og etter kvart omfattande myrdanning.

Torvkvaliteten er førsteklasses. Derfor har det vore omfattande torvtekt på øya. Dette vitnar dei mange torvtaka om. På myrane er det om hausten godt om tranebær, som har vore nytta til saft og syltetøy.

For bøndene var det både praktisk og trygt å ha husdyra ute på øyane. Inngjerding trongst ikkje, og faren for åtak av rovdyr var mykje mindre enn på fastlandet. Ved lyngsviing og kontroll av beitet vart det fôr nok til dyra gjennom heile året. Dermed var det ikkje naudsynt å sanka vinterfôr til bufeet som gjekk og beita på øyane.

  • Indrelid, S. 1996 Strilesoga, Nord- og Midhordland gjennom tidene. Bd.1. Frå steinalder til vikingtid. Eide forlag.