• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Purkebolsvatnet

NATTELIV I SOVEBYEN

Purkebolsvatnet er kanskje Vestlandets største soveby – for fuglar. I tusental kjem dei, helst om ettersommaren og hausten. Berre låvesvalene er talde til 10 000–12 000 på det meste.

Menneska går gjerne kvar til sitt når dei skal sova. Mange fuglar samlar seg heller i store flokkar – det er når dei søv, dei er mest sårbare. Ein fordel med sovebyen er at dei der lettare kan oppdaga farar, og såleis vera meir visse på å gå neste dag trygt i møte. Truleg verkar ein slik soveplass òg som eit informasjonssenter. Ein fugl som har hatt ein dårleg dag, ser lett kven som har lagt på seg sidan sist, og kan følgja etter dei neste morgon for lettare å finna lønsame jaktmarker.

Det er i skumringa om kvelden det skjer. Du har sikkert sett det på naturfilmar frå Afrika: Fuglar kjem inn frå alle himmelretningar, slår seg ned i trekroner eller kratt, og går til ro etter at dei har krangla heftig om dei beste sitjeplassane. Fenomenet er ikkje like påtakeleg ved Purkebolsvatnet, men prinsippet er det same.

Låvesvalene er dei mest talrike, dei kjem i slike skarar at dei er lette å få auga på. Dei set seg for natta i den tette «skogen» av takrøyr. Men før det skjer, har mange av svalene farta omkring over vatnet i kanskje ein time for å fanga insekt. Sova på tom mage er slett ikkje bra for ein liten fugl med ekstremt høgt stoffskifte. Det er neppe tanken på å halda naboen vaken med mageromling som uroar mest.

Ved Purkebolsvatnet er det mest årets ungfuglar av svaler som samlar seg, og helst i vekene før hausttrekket tek til for alvor. Dei kjem frå store delar av Sør-Noreg. Lokale ornitologar har ringmerkt fleire tusen låvesvaler ved denne lokaliteten, og har kontrollert ringmerkte fuglar frå Jæren, Karmøy, Os, Osterøy, Nordfjord, Sunnmøre og Nordmøre. Ein «flygande hollendar» – ei svale med nederlandsk ring – vart kontrollert her 22. september 1999. Og i Bloemfontein i Sør-Afrika vart to fuglar ringmerkte ved Purkebolsvatnet funne att i august 2001.

Ei rekkje andre fugleartar overnattar òg ved Purkebolsvatnet. I Klebakkvatnet, like sør for svalekvarteret, samlar det seg gjerne eit par hundre linerler om nettene. Somme buskskvettar, sivsporvar og starar nyttar òg takrøyret til nattekvist. Dei tette plantefelta med gran kring vatna tener som herberge, helst for kråker, men òg for nokre ringduer og gråhegrar.

Purkebolsvatnet har eit interessant fugleliv året rundt, men seine kveldar frå juli til september er det mest liv å sjå. Det er elles få stader i Hordaland du finn slike mengder med knott som her. Kanskje er nettopp dette årsaka til at staden er så populær blant fuglane.

  • Låvesvale

Myten om svalene som overvintrar på botnen av innsjøar

Alt i oldtida la grekarane merke til at store flokkar med låvesvaler samla seg i innsjøar om haustkveldane, og vart borte i tette takrøyrskogar. Men som tenksame og fornuftige menneske var dei ikkje tidleg nok oppe om morgonen til å sjå at fuglane flaug vidare. Slik oppstod myten om at svalene overvintrar på botnen av innsjøar.

 

Denne eldgamle hypotesen vart faktisk prova! Biskopen av Uppsala – Olaus Magnus – kunne i det sekstande hundreåret fortelja om fiskarar som drog opp garn stinne av stivfrosne låvesvaler. Dei vakna til liv og flaug då dei vart tekne inn i varmen.

  • Takrøyr, Klebakkvatnet

Takrøyr

Takrøyr er ei plante som er utbreidd i store delar av verda. Ved Purkebolsvatnet og nabovatnet Klebakkvatnet veks kanskje dei mest velvaksne takrøyra i fylket. Planta er å finna i grunne vatn med stor tilførsle av organisk næring, som ved tilsig frå landbruket. Innsjøar med takrøyr er ofte einsidige, men likevel rike fuglebiotopar.

  • Brunnakke

Purkebolsvatnet er ein av fleire stader i Austrheim der den vakre brunnakken hekkar. (Ingvar Grastveit)

  • Byrkjeland, S.: Grastveit, G.: Reigstad, T. B. ;Svendsen, T. Ornitologiske registreringar ved Purkebolvatnet, Austrheim kommune 1999. Rapport frå Norsk Ornitologisk Forening, avd. Hordaland.
  • Håland, A, 1984. Bestandsstørrelse, hekkehabitat og forvaltning av brunnakke Anas penelope på midtre deler av Vestlandet. Vår Fuglefauna 7:3–10.