• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bjørsvik

INDUSTRISTADEN BJØRSVIK

Bjørsvik i Osterfjorden er ein industristad som har vakse fram kring ei einskild verksemd på 1800-talet. Frå skriftlege kjelder veit vi at det i 1673 var ei oppgangssag i elva som renn mellom gardane Bjørsvik og Skår. Det var sagbruk i drift her heilt fram til 1870-åra.

Vasskraft, god hamn og kort avstand til Bergen gjorde sitt til at bergenskjøpmenn alt i 1850-åra fekk sett opp ei leigemølle her. I 1861 kjøpte Fredrik Ludvig Konow vassrettane og sette opp tre ulike møller, men det var først med Christian Irgens, som kjøpte møllebruket i 1879, at Bjørsvik vart ei moderne handelsmølle. Den nye rugmølla stod ferdig i 1884, med stålvalsar som avløyste dei gamle kvernsteinane, og transportband for kornet.

Mot slutten av 1800-talet var Bjørsvik ein industristad med krambu, bakeri og arbeidarbustader. I 1900 vart verksemda utvida med ei ny, stor mølle. Denne bygningen, som framleis er intakt utvendig, er 22 meter høg over 6 etasjar – truleg ein av dei høgaste trebygningane i Nord-Europa. Hermetikkfabrikken, som overtok etter at mølledrifta vart innstilt i 1939, vart nedlagd mot slutten av 1980-talet.

  • Kvinendene har letta frå Bjørsvik
  • hannfugl

"Mannskoret" i Bjørsvik

Operahuset i Bjørvika kosta milliardar. Men for den naturinteresserte er kanskje ikkje friluftskonserten mellom våryre kvinender i Bjørsvika noko ringare. Og han er gratis.

 

Osterfjorden har lenge vore kjend som eit godt område for overvintrande ender, særleg kvinender. Det var likevel først på 1990-talet at denne arten tok til å samla seg i den tronge Bjørsvik. På det meste har der vore talt oppunder 1500 kvinender, i tillegg til vel eit par hundre toppender og om lag hundre stokkender. Truleg er dette ein av dei største einskildkonsentrasjonane av kvinand i verda, i alle fall når ein vurderer fuglemengda ut frå det vesle samlingsarealet.

 

For fuglane er hovudattraksjonen i Bjørsvik utsleppet frå setjefiskanlegget i dei gamle fabrikkbygningane. Vi veit ikkje om det er fôrrestar kvinendene beitar på, eller om det er smådyr som blir tiltrekte av dette fôret. Ein hypotese er at fuglane et «lammehalar», ein symbiose mellom bakteriar og sopp som oppstår i nedbrytingsprosessen av fiskefôret. Kvinender oppsøkjer òg utslepp frå andre setjefiskanlegg i fylket, som ved Nesfossen i Lindås, Ljonesvågen i Kvam, Skogseidvatnet i Fusa og Alvøen i Bergen. Ved desse anlegga er likevel fuglemengdene mindre enn i Bjørsvik. Så langt er det berre i Hordaland kvinendene har flokka seg slik kring setjefiskanlegg, men arten har tradisjon for å samla seg utanfor større møller, mellom anna i Rogaland.

 

Sjølv om dei er mest talrike i februar–mars, finst det kvinender i Bjørsvik gjennom heile vinteren. I periodar kan dei vera skremde vekk av båtar som legg til ved kaien. Det er stor overvekt av hannar i desse flokkane, og dette synest å vera regelen i mange andeflokkar på Vestlandet. Vi veit ikkje kvar kvinendene i Bjørsvik hekkar, mest truleg er det fuglar frå Sverige eller Finland som vitjar Vestlandet om vinteren. Nærast oss hekkar kvinanda i Hallingdalen. På Vestlandet har vi ikkje hatt anna enn nokre tilfeldige hekkeforsøk. Truleg har vinterbestanden på Vestlandet vore i god vekst på 1900-talet. Arten overvintrar like gjerne i ferskvatn som på sjøen.

  • Byrkjeland, S. 2000. Kvinender ved settefiskanlegg i Hordaland. Vår Fuglefauna 23.73.