• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Toppender

TOPPENDENE I EIKANGERVÅGEN

Bergensområdet er mellom dei beste overvintringsområda for toppand i landet. Denne vakre anda held seg gjerne i småflokkar i ferskvatn. Når ferskvatna frys att, trekkjer fuglane til grunne område på sjøen. Då er pollane innanfor Eikangervågen eit populært reisemål. Pollane er grunne, slik at endene lett finn mat. På det meste kan det vera flokkar på fleire hundre toppender her, i tillegg til nokre kvinender og ein del stokkender.

Tidlegare hadde toppendene ein slik samlingsstad utanfor Hopsfossen i Nordåsvatnet. Dette tok slutt då den nye motorvegen mot Bergen vart bygd etter Sjølinjen. Kanskje var det etter at endene reiste herifrå, at det verkeleg auka på med overvintrande ender i Eikangervågen.

Innimellom toppendene finst det i periodar flokkar med bergender, og det hender at ei og anna laksand er å sjå i desse pollane. Lenger ute i vågen ligg det stundom store «flak» med ærfugl, som på det meste kan telja opp mot eit par tusen individ. Dette er dei same fuglane som plukkar blåskjel frå Nordhordlandsbrua.