• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lurøyane

Under ein berghammar i denne bukta vart klebersteinen teken ut til  mange kjende bygningar i Bergen. Restar etter demninga og skrotstein frå brotet i framgrunnen. (Svein Nord)

KLEBERSTEIN FRÅ LURØYANE

På Lurøyane, vest for Lygra, ligg ei lita bukt, nesten avskoren frå sjøen. Bukta, som vart halden tørr av ei demning i eit par tiår fram til ho brast i 1933, var arbeidsplass for eit titalls mann. Med sleggje og minebor tok dei ut store blokker av kleberstein i bukta. Frå dette brotet kjem mykje av klebersteinen i større bygningar som vart oppførte i Bergen på denne tida. Bergen Offentlige Bibliotek, Rasmus Meyers Samlinger, Bergen Kreditbank og Storetveit kyrkje er berre nokre døme på korleis lurøysteinen vart nytta.

  • Heldal, T.; Jansen, Ø. 2001. Steinbyen Bergen. Fortellingen om brostein, bygg og brudd. Nord 4.