• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lyngbrenning

Lyngbrenning (Svein Nord).

LYGRA - EIN STORGARD I VIKINGTIDA

Lyngheilandskapet på ytre Lygra, Utluro og Lurekalven, er ein del av eit landskapsvernområde som skjøttast gjennom tradisjonell drift med utegangarsau, beiting og brenning. Den vestnorske lyngheia høyrer til eit stort nordatlantisk kystlandskap, frå Biscaya til Lofoten.

Garden Lygra ligg på ei øy i Lurefjorden – eit vakkert og velstelt kulturlandskap med utsyn til fjorden på begge sider. Bruka og bøane er delte av velbygde og velhaldne steingardar som teiknar seg i silhuett mot synsranda. Dei enkle tørrmurane ligg som kunstverk i landskapet, eit vitnemål om handverksdugleik og sikkert augnemål. Det er gode gardsbruk og driftige bønder på Lygra; eit gardssamfunn med rike spor etter jordbruk gjennom tusenåra.

Buplassar langs kysten fortel om steinalderfangstmannen sitt område; seinare kom bonden. Talrike spor etter menneskeleg verksemd fortel om bondesamfunnet: gravhaugar, kolmiler, åkerreiner og fornfunn – denne garden har flest fornfunn i heile Nordhordland. Funna viser at Lygra har vore ein sentral gard med vide kontaktar mot omverda heilt sidan 400-talet. Garden ligg på grøderike lausavsetninger som har gjeve grunnlag for at området utvikla seg til ein av dei beste jordbruksgardane i Nordhordland. Lygra høyrde til jordegodset under kongsgarden på Seim, og sagatradisjonen fortel at det vart halde ting på Lygra. I seinare hundreår har det vore eksersisplass her.

  • Lyngbrenning på Lygra med botanikar Mons Kvamme som brannmeister
  • ygheidrift har vore utbreidd frå Biscaya til Lofoten, som vist på kartet. No er det få område att der dette gamle kulturlandskapet blir halde i hevd

Lynghei i Lindås - Lyngheisenteret på Lygra

Det opphavlege lyngheilandskapet i Nordhordland dekte eit om lag 25 kilometer breitt belte frå Øygarden og Fedje i vest til furuskogen i Lindås i aust. I heile dette beltet er vintrane så milde og snøfattige at sauene kunne gå ute på beite i lyngheiane året rundt. Tida som vart spart ved å sleppa fôrsanking og hushald for dyra, kunne nyttast til fiske.

 

Innanfor lyngheiområdet var det likevel alltid skilnad mellom havstrilane og fjordstrilane. Mot havet i vest var fisket viktigaste inntektskjelda. Mot fjordane i aust hadde jordbruket meir å seia for økonomien. Lyngheiane nordvest i Lindås er ein del av det indre området i driftsmessig og økonomisk forstand. Like fram til 1960-åra var det så sterk utnytting av desse lyngheiane at berre små område var skogkledde, naturleg eller ved tilplanting.

 

Sidan midten av førre hundreåret har det skjedd ei omfattande omlegging av jordbruket på Vestlandet. I denne prosessen har lyngheiane gått mest heilt ut av jordbruksproduksjonen. Minska beitepress har ført til sterke oppslag av einer, bjørk, rogn og furu. I tillegg er store område tilplanta med gran. Alt talar for at innan nokre få tiår vil mest heile det gamle lyngheilandskapet i Lindås vera tilvakse med skog.

 

Kanskje vil det berre bli att to øyar som viser korleis det meste av kulturlandskapet langs kysten har vore forma gjennom 4000 år. Gjennom ein tiårsperiode er lyngheilandskapet på Lygra og Lurekalven vorte omfattande restaurert og gjort tilgjengeleg for publikum. Kratt og buskar er fjerna, og lyngheiane i utmarksområdet er gjenskapte og blir drivne slik tradisjonane har vore gjennom mange hundre år. Heiane blir beita året gjennom av den gamle norske utegangarsauen, populært kalla villsau, og lyngen blir svidd tidleg om våren. Om sommaren går òg kyr og hestar på lyngbeite. Om lag 30 gamle bygningar er sette i stand. Mange av dei er på ny i full jordbruksproduksjon.

 

Bakgrunnen for dette omfattande vernearbeidet er eit stort tverrfagleg forskingsprosjekt om lyngheilandskapet i Nordhordland i 1970-åra. Som eit resultat av mellom anna denne forskinga vart Lyngheisenteret på Lygra opna i mai 2000.

 

Lyngheisenteret omfattar eit område på om lag 2 km². Dei fem grunneigarane på Ytre Lygra har gått saman med Universitetet i Bergen, Hordaland fylkeskommune og Lindås kommune om å presentera kystjordbruket i fortid og notid. Det er laga om lag 4 kilometer gangstigar med mange demonstrasjonspunkt for å visa korleis ressursane har vore utnytta. Av dei fem gardsbruka som er med i prosjektet, blir tre drivne med moderne mjølkeproduksjon, eitt bruk blir drive etter kulturhistoriske prinsipp, med utgangspunkt i 1940-åra og med eldre husdyrrasar, og eitt bruk er under omlegging til moderne økologisk drift. Lyngheisenteret har òg ein informasjonsbygning med utstilling, film, undervisningsrom og kafé.

  • Lygra

Dyrkingsjorda på Lygra er den djupaste forvitringsjorda (jord som har smuldra opp frå berget under) i Hordaland. I vår tid samarbeider grunneigarane på Ytre Lygra og Lyngheisenteret om gardsdrift og landskapsskjøtsel. T.h.: Hannah Wood i grønsakåkeren.Lyngheisenteret i bakgrunnen. (Svein Nord)

  • Bøgarden på Ytre Lygra

Bøgarden

Bøgarden på Ytre Lygra (Svein Nord).

  • Brekke, N. G. red. (1993) Lyngheisenteret: Lygra, Lindås, Hordaland: lyngheiene - Europas kulturlandskap mot Atlanterhavet.
  • Fremstad, E.; Aarrestad, P. A.; Skogen, A. 1991. Kystlynghei på Vestlandet og i Trøndelag. Naturtype og vegetasjon i fare. NINA Utredning 029. 
  • Kaland, P. E. (1979) Landskapsutvikling og bosetningshistorie i Nordhordlands lyngheiområde. I: Fladby, R. & Sandnes, J. red. På leiting etter den eldste garden. Oslo, Universitetsforlaget, s. 41-70.
  • Kvamme, M. 1988. Lokale pollendiagram og bosetningshistorie. Undersøkelser av ressursutnyttelse og kulturlandskapsutvikling i Vest-Norge gjennom de siste 3000 år. Forskersymposium. Aarhus Universitetsforlag.