• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

"Kongshaugen" på Seim, Lindås

"Kongshaugen" på Seim (Svein Nord).

Sæheim (Seim) ved Lygrefjorden er nemnd som ein av kongsgardane til Harald Hårfagre. Fleire av dei første rikskongane har halde til her, og garden var krongods til fram på 1400-talet. Etter sagatradisjonen er Håkon den gode gravlagd på garden.

Tre norrøne kjelder fortel om gravferda til Håkon den gode, som vart såra i slaget på Fitjar i året 961. Etter tradisjonen døydde han på Håkonshella. Både Fagrskinna, Ågrip og Heimskringla seier at han vart gravlagd på Seim i Nordhordland. Den lokale tradisjonen knyter grava til «Kongshaugen», søraust for kyrkja.

Haugen vart mykje skadd og utjamna først på 1800-talet. To gonger har haugrestane vorte granska av arkeologar, i 1879 og 1958. Ved utgravinga i 1958 fann dei restar av den gamle haugkanten og kunne fastslå at haugen opphavleg har vore ca. 20 m i tverrmål. Det vart funne spor etter ei båre eller ein kistebotn. Men leivningar av kongen sjølv eller sverdet hans, «Kvernbit», som han etter soga skal ha fått med seg i grava, vart ikkje funne. Vi har såleis ingen andre prov enn tradisjonen for at det er Håkon den gode som vart gravlagd i denne haugen.

Kongshaugen på Seim vart bygd opp att til 1000-årsminnet i 1961.

  • Det forseggjorde sengeloftet er prega av renessansens klassiske stilformer; eit utsøkt snikkarhandverk
  • Renessanseloftet frå Seim, Lindås

Kongsgarden på Seim

  • Bautasteinane på Vatne

Bautasteinar

  • Bakka, E. (1958) Kongshaugen på Seim i Alversund, Nordhordland. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 19-35.
  • Frølich, K. (1950) Loftet på Fjellskålnes gjenreist. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 81-86.
  • Frølich, K. (1969) Loftet fra Fjellskålnes på Osterøy. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 168-169.
  • Hardeland, M. red. (1961) 1000-års minnet for Håkon den gode 961-1961. Bergen.