• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lindås sluser i byrjinga av 1900-talet

Lindås sluser i byrjinga av 1900-talet (foto: ukjent, eigar: "Strilen").

LINDÅS SLUSER

Ved Spjutøy og Straumsosen går det tre innløp frå Lurefjorden til fjordbassenget innanfor. Heilt fram til slutten av 1800-talet kunne ikkje rutebåten gå lenger enn til Mølna ved Spjutøy. Ved Skallestraumen var det ei barkemølle som vart driven av den kraftige tidvassstraumen i sundet. Her var det også handel, bakeri og gjestgjevarstad kring midten av 1800-talet.

I Lindåspollane er dei tre bassenga Straumsosen, Spjeldnesosen og Fjellangervågen knytte saman av lange, grunne sund. Innløpa frå Lurefjorden til Straumosen er smale og ureine, og tidvassstraumane kan vera nokså stride, slik at det kan vera vanskeleg å koma gjennom med båt. På slutten av 1800-talet vart fleire av sunda på sørvestsida av Spjutøy utvida, slik at det vart mogleg å koma heilt inn til Lindås og Fjellangervågen med rutebåten. Det var ein viktig milestolpe for desse bygdene.

Men enno kunne det vera vanskar når straumen var strid i sundet ved Mølna. Båtane måtte liggja og venta ved «Pinebenken» til straumen snudde med tidvatnet. Det vart difor bygt ei sluse her, samstundes med at barkemølla vart nedlagd. Slusa var ferdig i 1908 og var i drift til 1963. Det er berre to slike sjøsluser i Noreg. Den andre ligg i Skjoldstraumen i Rogaland. I samarbeid med Kystverket vart slusa restaurert og satt i drift att i 2013, no som eit kulturminne med betre tryggleik for båtar som skal gjennom straumen og inn til det fine friluftsområdet i Lindåspollane.

 

 

  • Lindås sluser i dag

Slusa i dag (Svein Nord).

  • Kaland, P.E. (1974) Ble lyngheiene skapt av fimbulvinteren eller ved menneskeverk?. Forskningsnytt 1974(4), s. 7-14.
  • Nordal, G. M. (1990) Forprosjekt for vern og framtidig bruk av Lindåsslusene, Spjotøy, Lindås kommune i Hordaland. Bergen.