• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gardfloren på Tofting

I vegdelet på Tofting, der vegen tek av til Lygra og til Festo, ligg ein gardflor i bøgarden mellom innmarka og utmarka. Det er berre sperrene og taktroene som er av tre, resten er av stein. Gardfloren på Tofting er ein fin representant for dei enkle bruksbygningane i gråstein som pregar dette ytre treberre kystlandskapet. Gardflor, skinnflor, skjeneflor – bygningstypen har mange namn, men funksjonen er den same. Kyr og sauer på utmarksbeita vart sleppte i hus i gardfloren, florar eller fjøs ved garden – steingarden. Dei enkle, men velbygde steinhusa ligg i dag som smykke i kulturlandskapet. Denne floren har eigaren sett i mønstergyldig stand.