• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vollom

VERDAS NORDLEGASTE BØKESKOG

På Vollom, nordvest for Seim, veks den einaste naturlege bøkeskogen på Vestlandet, attpå til den nordlegaste i verda i sitt slag. Bøk veks òg mange andre stader i fylket, men desse trea er historielause samanlikna med Vollomskogen.

Kor gammal er bøkeskogen på Vollom? Spørsmålet har vore stilt av botanikarar heilt sidan Mathias Numsen Blytt vitja feltet. Sjølv tenkte han seg at fjellskråninga like frå Alverstraumen og nordover «uden Tvivl allerede i Oldtiden have været bedækkede med Bøgeskov i flere Miles Udstrækning». Det var først då professor Knut Fægri gjekk laus på oppgåva at løyndommen om skogens alder vart avslørt. Ved hjelp av pollenanalyse spora Fægri bøken ved Seim attende til første tusenåret etter Kristus.

Kanskje var Chr. A .Wulfsberg inne på noko då han ein gong på slutten av 1800-talet skreiv at bøken vart innført av ein «veirbidt Viking, som enten i elskverdigt Lune eller for at skaffe haart Træfang til Skibsmateriale har fragtet en Skjæppe Bøgenødder over Vesterhavet och strøet dem rundt sit Langskibsnøst». Det er i alle fall lite truleg at bøk kan ha etablert seg i Lindås ved eiga hjelp. Dertil er nøttene med frøa for tunge og avstanden til næraste naturlege veksestad for stor. At treslaget likevel har vakse og frødd seg på Vollom gjennom tusen år, har kanskje samanheng med at det låg ein kongsgard på Seim, like i nærleiken, den gongen bøkeskogen vart til.

Noko rikt planteliv har ikkje bøkeskogen på Vollom. Blåbær og smyle er nokre av dei som klarar seg best. Vegetasjonen er artsfattig fordi mykje av skogbotnen er dekt med tjukke lag av visna lauv. Det hjelper heller ikkje på vokstervilkåra at skogen er svært skuggefull om sommaren. Kvitveisen kjem i forkant av dette problemet ved å bløma tidleg om våren, før lauvet kjem på trea.

Bøkeskogen har grense langs Lurefjorden. Frå fjorden veks trea ein snau kilometer oppover dalen. Dei spreier seg i utmarka der dei får høve til å veksa opp. Skogen trivst godt og veks tettare enn han nokon gong har gjort dei siste hundreåra. Bøketre kan bli opptil 400 år gamle.Trea på Vollom er ikkje spesielt gamle etter denne målestokken. Bøk blir rekna som edellauvtre, sjølv om han ikkje er særleg kravstor med omsyn til jordsmonnet. Hovudutbreiingsområdet i Noreg er i dag Vestfold og nedre delen av Telemark.

  • bokfink
  • Bøkenøtter

Fuglane bur tett i bøkeskogen

Det hekkar 72 fuglepar i bøkeskogen. I alle fall var det slik i 1973, då bestanden vart nærare granska.Skogen er ikkje stor, så den registrerte tettleiken dette året var 744 par pr. km². Det er temmeleg høgt til Vestlandet å vera.

 

I alt vart det påvist 17 hekkande fugleartar. Vanlegast var lauvsongaren, som i dei fleste skogsmiljø på våre kantar. Men raudvengtrast var mest like talrik, og svarttrast, raudstrupe og bokfink var òg svært vanlege.

 

I år med god produksjon av bøkenøtter kan det samla seg store flokkar med bjørkefink i slike skogar om vinteren. Vi kjenner dette frå bøkeskogen ved Fantoft i Bergen, der det vinteren 1998/99 samla seg mange tusen av denne arten.

  • Fægri, K. 1954. On the origin of the beech forest Fagus sylvatica L. at Lygrefjorden, near Bergen. Danmark Geol. Unders.Række II 80:230–249.
  • Holmboe, J. 1908. Bøgeskogen ved Lygrefjord i Nordhordland. Bergen Mus. Årb. 13:3–22.
  • Langhelle, G. 1979. Ornitologiske inventeringer på Lindåshalvøya. Lindåsprosjektet, rapport 23.