• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Alm- og lindeskog

ALM- OG  LINDESKOG

Den næringsfattige gneisen må ta det meste av skulda for at Masfjorden har så lite edellauvskog. Grobotn for varmekjære tre er det mest berre i låglandet, under steile fjell, der det ligg rikeleg med rasmassar. I den bratte lia som vender mot sørvest langs Storevatnet i Andvikedalen, veks det gamle linde- og almetre. Nokre av trea er uvanleg grovvaksne, med diameter på godt over ein meter. Dei fleste trea har ikkje vore styvde, og det gir ei kjensle av opphavleg skog. Eit anna område med rik edellauvskog er dei lågare delane av dei bratte, sørvende liene i Matresdalen. I skogbotnen, blant alm, lind og hassel, veks myske, skogsvingel og sanikel.