• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Løe med gråsteinsgavl

Løe med gråsteinsgavl (Svein Nord)

Det gamle klyngjetunet i Andviki låg på sørsida av elva. Heile innmarka var delt opp i teigar, som låg spreidde for kvart bruk og gjorde jordbruket urasjonelt. Etter utskiftinga i 1892 vart to bruk flytta ut på nordsida av elva, medan fire bruk vart liggjande. Kvart bruk flytta litt på husa sine, slik at det vart sjølvstendige tun. På eitt av bruka ligg ei løe med ein stor gråsteinsgavl; eit stramt og monumentalt byggverk i landskapet. Ved bygging av nye siloar på garden har det vore lagt ned mykje omtanke i utforminga av tilbygget for ikkje å øydeleggja arkitekturen i desse eldre bruksbygningane. Eigaren, landbrukskontoret og dei antikvariske styresmaktene har her hatt eit godt samarbeid.