• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Haugsdalsdeltaet

Haugsdalsdeltaet med Storholmen og den nedre delen av Haugsdalen. Innetter dalen kan vi sjå flate terrassar – «tørrlagde» delta opphavleg avsette ut i fjorden då havet stod høgare og nådde lenger inn. (Bjørn Moe)

ELVEØYR PÅ NATURLEG VIS

Tidleg på 1900-talet var det mange større naturlege saltvassdelta i Hordaland. Men så godt som alle dei større elveøyrane vart i førre hundreåret fylte ut og regulerte til industri- og næringsføremål. No er det berre Haugsdalsdeltaet att.

Naturminnet ligg berre ein kort avstikkar frå europavegen, ned gamlevegen gjennom Haugsdalen. Elveøyra er nok påverka av jordbruket og vassmengdene av kraftreguleringa, men det finst lite forbyggingar som leier elvevatnet, slik det er dei fleste andre stader. Vatnet rår, og elva avgjer sjølv kvar ho skal renna ut i Haugsdalsvågen.

Haugsdalsvågen er naturleg grunn, og vatnet får såleis relativt høg temperatur på solrike dagar. Der elvevatnet strøymer ut, legg ferskvatnet seg oppå det brakke fjordvatnet. Når det flør, trengjer brakkvatnet seg innover, jamvel eit stykke opp i elva. Slike brytingssoner er som oftast biologisk høgproduktive.

Det er mest alltid måsar i dette området. Haugsdalselva og det næringsrike deltaet har òg ein god bestand av strandsnipe. I hekketida kan vi sjå vipe, tjeld og raudstilk. Også flokkar av stokkand samlast i deltaet utanom den mest hektiske hekketida. Nokre par av siland er støtt å sjå, truleg livnærer dei seg på stingsilda. Men aller mest er Haugsdalselva kjend for sjøaurefisket. Elva er mellom dei aller beste sjøaureelvane i fylket. Den mest populære fiskestaden etter sjøauren er likevel i vågen utanfor. Sjøauren har, i motsetning til laksen, så langt greidd seg bra i denne elva, trass i vassdragsregulering og surt vatn.

Dagens elveøyr er den siste i ei lang rekkje delta i området. Fleire flate terrassar i den nedre delen av dalen er restane etter gamle elveøyrar. Gjennom tusentals år har elva frakta sedimentmassar ned gjennom Haugsdalen, massar som til slutt enda opp som delta i fjorden. Etter kvart som landet steig etter istida, vart gamle delta tørrlagde. I neste omgang skar elva seg gjennom dei tørrlagde flatene og tok med seg massar til stadig lågareliggjande delta ut gjennom vågen. Midt i elvemunningen vart det gjerne avsett ein munningsbanke med eitt elvelaup på kvar side, slik som Storholmen i dag.

  • Haugsdalen

Haugsdalen

Haugsdalen er eit typisk døme på ein liten vestlandsdal, sjølv om kraftutbygging har endra naturen noko. Dalretningane speglar av to sprekkeretningar i berggrunnen, nord-sør og nordaust-sørvest, som elva utnytta i gravinga si. Isbreane har jamna ut retningane slik at dalen har fått store avrunda svingar. Isbrear har i tillegg grave mange trau der det no ligg innsjøar. Mellom innsjøane renn elva ofte i stryk eller fossar, slik at lengdeprofilet får ein trappeforma utsjånad (teikninga).

 

Den øvre delen av Haugsdalsvassdraget er lite endra sidan den gongen elva rann heilt ut til Fedje, ved Holmengrå, før ho nådde sjøen. Då istidene seinare sette inn, var det landskapet lenger vest som først fekk bryna seg på dei enorme kreftene i breen. Rett nok grov breane ut nokre mindre vatn på fjellet inst i dalføret, men det var danninga av fjorden og den djupe delen av dalen som var hovudverket. Etter kvart som fjorden vart utgraven og avstanden frå fjell til fjord minka, vart dalen brattare. Elv og bre fekk dermed samla kreftene med å grava seg ned i landskapet. Derfor er dalen brattast og yngst heilt nedst, der skred no prøver å jamna ut dei bratte fjellsidene. (Inge Aarseth/Eva Bjørseth)