• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bualoftet på Kjetland frå 1600 eller 1700-talet

Bualoftet på Kjetland frå 1600 eller 1700-talet (Svein Nord)

På garden Kjetland står det ei gammal bu med loft – eit bualoft – truleg frå 1600 eller tidleg på 1700-talet. Utvendig skil det seg ikkje så mykje frå andre hus av same storleik, men innvendig oppdagar vi at det er ein bygning av eldre årgang vi er i. 

Fint tømmer og konstruktive detaljar fortel om gammal handverkskunst. Ingen tradisjonar kan i dag seia noko sikkert om alderen. På ein av tømmerstokkane kan vi telja 150 årringar.

Bua stod opphavleg på bruk nr. 1, der vedhuset no står. På slutten av 1800-talet var bua bustad for tenestefolk på garden. Sommarstid, med mykje folk i tunet, var det her ein god overnattingsstad. Den gong hadde bua loft og ein utbygd svalgang. Etter utskiftinga vart bua flytta, og sett opp som eit vareskur på dampskipskaien i Haugsdal. I 1965 vart ho teken ned med tanke på museumsformål, men i 1984 kom bua attende til Kjetland og vart sett opp att i sin opphavlege stand, med svalgang og loft.