• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kringlebotnen

Kringlebotnen (Svein Nord).

Like ved Hummelfossen går det ein smal stig opp langs den bratte fjellsida. Stigen fører inn til garden Kringlebotnen, som ligg inne i fjellet, aust for Storematredalen.

Når denne stigen vart bygd, veit vi ikkje heilt sikkert, men garden vart teken opp i 1730 av Lars Torissen (1701-1782). Det må ha vore gode ressursar å henta her i fangst og fiske. Stigen opp frå Hummelfossen vart øydelagd av skred, og folka i Kringlebotnen måtte i 1853 søkja Lindås kommune om økonomisk hjelp til å vøla vegen. Då hadde dei ei tid måtta nytta ein trestige opp den bratte hammaren. Når du i dag kjem opp stigen frå Hummelfossen, må du i robåt over Hummelvatnet for å koma inn til Kringlebotnen.

Like før frigjeringa i 1945 vart gardshusa brende av dei tyske styrkane. Nye hus er bygde, og kvart år, ein søndag i august, går det ein turmarsj frå Litlematrestølen over Kringlebotnen og til Stordalen: Bjørn West-marsjen.