• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bjørn West-museet

BJØRN WEST MUSEET

Bjørn West-Museet held i dag til huse i ein bygning i sentrum av den vesle strandstaden Matre. Bygningen vart reist som funksjonærbustad av A/S Matrefaldene i 1912. Då den tyske okkupasjonsmakta kom til Matre i 1941, byrja dei her å ta ut sand for å byggja forsvarsanlegg ute ved kysten. Her var det ein arbeidsleir med 200 russiske krigsfangar og 30 fangevaktarar. Tyskarane rekvirerte dei to funksjonærbustadene til A/S Matrefaldene. Her budde kommandanten, marineløytnant Karl Wagner, og fangevaktarane. Wagner vart dømd som krigsforbrytar i 1946 og sat i mange år på Bergenhus. I det huset der Bjørn Westmuseet no held til, hadde tyskarane vaktstasjon. Folk frå gardane Stordalen og Fosse måtte passera her når dei skulle til Matre, og mykje av forsyningane til Bjørn West vart ført framom denne kontrollposten.

  • Kronprins Olav avdukar minnesteinen over falne frå Bjørn West i Stordalen, 1949

Bjørn West

Motstandsgruppa Bjørn West hadde tilhaldsstaden sin i dei brattlendte Matrefjella mot slutten av siste verdskrigen; ein innsats som har fått ein sentral plass i den norske okkupasjonssoga. I oktober 1944 kom det folk over frå kompani Linge i England for å oppretta ei avdeling bak fiendelinjene. Mange ungdommar slutta seg til denne motstandsgruppa for å kjempa mot nazismen og okkupasjonen. Det meste av vinteren 1944/45 heldt Bjørn West til i fjella sørvest for Masfjorden, mellom Andviki og Stussdalssetret. Etter eit tysk angrep 8. april 1945 vart heile styrken på om lag 250 mann samla i fjella aust for Matre, med hovudkvarter i Stordalen fjellstove. Dei fleste kom frå Nordhordland, Sogn og Bergensregionen. Dei siste krigsdagane i byrjinga av mai kom det til kampar mellom Bjørn West og tyske styrkar. Over 100 mann miste livet i desse kampane. Den 5. mai 1945 brende tyskarane alle setrane der Bjørn West hadde halde til. Dei sette også fyr på alle husa i Kringlebotnen og Stordalen. Tre dagar seinare, 8. mai 1945, var krigen slutt. Den tyske kapitulasjonen var eit faktum. 

  • Haga, A. (1982) Jernring rundt Bjørn West.
  • Skre, R. (1946) Bjørn West.