• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

"Beste" lakseplassen i fylket

«BESTE» LAKSEPLASSEN I FYLKET

I 1997 vart det fanga tre gonger så mykje laks ved utsleppet frå kraftverket i Matre som i alle lakseelvane i Hordaland til saman. Kloss i vegen mellom Matre og Haugsdalen står det mest alltid fiskarar, året gjennom. Dei går sjeldan tomhendte derfrå. Det er berre ein hake ved sporten – det er ikkje ein villaks å få, berre oppdrettsfisk. Derfor har ein tilpassa fiskereglane etter dette: Det er tillate med heilårsfiske med stong, og om hausten og vinteren er det òg lov å fiska med garn i sjøen utanfor. Sidan 1997 har fisket tapt seg noko, dette heng saman med at det er mindre rømd oppdrettslaks i fjorden enn før.

Utsleppet frå kraftstasjonen kjem frå ei sjakt i berget, der laksen ikkje har nokon sjanse å koma seg opp. Som det største ferskvassutsleppet i denne fjordarmen blir oppdrettslaksen likevel trekt mot staden, på jakt etter ein i dette tilfellet umogleg gytestad.

Rømd oppdrettslaks trugar den naturlege laksebestanden i 25 vassdrag i Hordaland. Nest etter lakselusa er oppdrettslaks det mest alvorleg problemet for villaksen.