• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sørsida av Raunøya

Sørsida av Raunøya. Noko av øya og holmane i bakgrunnen er freda. (Helge Sunde)

Sjøfuglane har oppdaga det for lengst: Raunøya og dei næraste øyane ikring er mellom dei vakraste stadene i Masfjorden.

I mange år måtte sjøfuglane innretta seg etter Gustav Tvedt, som budde på Raunøya saman med familien sin og fuglane. Gustav Tvedt var ein fargerik person, med sterke meiningar. Han dreiv si eiga form for naturforvalting i måsekoloniane. Ein av ordensreglane hans var at stormåsen måtte vika for dei som var mindre.

Fuglesjefen er borte, men ikkje sjøfuglane. Dei klarar seg utan Gustav Tvedts hjelp. Fleire hundre måsar har laga seg reir like utanfor den gamle kaien.

Det er oppretta naturreservat på ein liten snipp av austsida på Raunøya, med Skarholmen, Storholmen og Søre Langøya attåt. Desse stadene er det ikkje lov å gå i land i hekketida. Alle dei måseartane som er vanlege på desse kantar, hekkar i reservatet. Mest talrike er sildemåse og gråmåse.