• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Dør

På garden Trodalen, eit stykke opp i lia på nordsida av Matrefjorden, ligg det eit tohøgda gardshus som ser ut til å vera prega av austnorsk byggjeskikk. Våningshuset er frå 1820, og dei som bygde det, hadde vore ute på tømring i bygdelag austanfor. På denne garden er det ei uvanleg rikhaldig samling av reiskap, utstyr og husbunad – over 600 gjenstandar. Her er fangstutstyr for jerv, gaupe og rev; her er handverktøy som høvlar og bøkkarutstyr og her er utstyr for ei gardssmie. To kister skal vera frå 1500-talet, og ei eldhusdør som er teken vare på – med ein stor solfigur midt på – er truleg frå seinmellomalderen.