• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

"Prospect av Frekhoug". J.F.L. Dreier, 1812

Frekhaug har vore ein storgard med «kondisjonerte» eigarar gjennom mange generasjonar. Hovudhuset, ein tohogda bygning med valmtak, må vera oppført kring 1780.

Det symmetriske anlegget var typisk for byborgarens byggeskikk i andre halvdel av 1700-talet. I «storstuen» var det måla lerretstapet med jaktscener - eitt av rokokkoens yndlingsmotiv - og i «blaastuen» blomstertapet. Over hovudinngangen til hovedhuset er det oppført eit toppstykke - med elegant svungne konturar og monogrammet CH. Truleg er dette initialane til byggherren Cort Abrahamsen Holtermann. Bygningen, som idag høyrer til Nordhordland Folkehøgskule, er freda. Fredinga gjeld eksteriøret; innvendig er det ingenting att av det opphavlege interiøret.

  • Inngangspartiet til hovudhuset på storgarden Frekhaug

«Sælsomme Folk»

Elisabeth Welhaven (1815-1901), søster til diktaren, har skildra husa og folket på storgarden i boka «Staden og Stranden» (1879). I forteljinga «Sælsomme Folk» skildrar ho ei reise frå Manger til Bergen. Ho budde ei tid hjå søstera si Maren Sars på Manger prestegard. Det vart dårleg vêr på reisa, og dei måtte søkja naudhamn på Frekhaug. Ho vart vel motteken av gods eigaren og søstrene hans. Med humor skildrar ho kontrasten mellom skysskarane, to trauste radværingar, og folka på Frekhaug, som minna om falma fossilar frå ei svunnen stor domstid.