• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kommandantbustaden på Håøyna, Meland

I dag er Håøyna eit fint friluftsområde. Den eldste delen av kommandantbustaden (venstre halvdel) vart truleg bygd før år 1900 (Svein Nord).

Håøyna ligg midt i ei av hovudleiene inn til Bergen - med Håøysundet på sørsida, mot Meland, og Hagelsundet mot Lindåslandet. Namn som Nordfarskista og Nordfarsskorane fortel sitt. Den strategiske posisjonen var viktig i vikingtida og har vore viktig i vår tid. Veten på Håøya kan ha vore bygd under skipinga av leidangen i Håkon den godes tid, kring 950. Det forsvarsanlegget vi i dag ser minna etter på Håøytoppen, stod sentralt i den norske nøytralitetsvakta under den første verdskrigen. Forsvarsanlegget vart avvikla i 1957.

Håøy høyrde frå gammalt av til jordegodset til kongen; bygsla i 1590 av ein bureisingsmann, under matrikkelen til garden Flatøy. Gardsbygningane som står i dag, skriv seg frå 1800-åra. Mot slutten av 1800- talet vart Håøy forsvarsanlegg bygt ut, medan vi enno var i union med Sverige. Anlegget var også eit ledd i forsvaret av byen og høyrde til Bergen ytre festning. Ved Håøysundet låg mineavdelinga som kunne utløysa dei minene som var utlagde i sundet. På Håøytoppen var det ei artilleriavdeling med kanonstillingar, lyskastaranlegg og signalstasjon. Mykje av dette ser vi enno restar etter, og det går veg heilt opp til toppen. Her, ved Varden, er det eit storfelt utsyn nordover leia, som viser til fulle den strategiske verdi som forsvarsanlegga her har hatt gjennom 1000 år.

  • Håøytoppen, Meland

Frå Håøytoppen er det eit storfelt utsyn. I forgrunnen ligg fundamentet til ein av to store lyskastarar, truleg bygde under 1. verdskrigen (Svein Nord).

Kong Sverre og mennene hans

  • Skagen, A.K. (1989) Krigsminne i Hordaland: festningsanlegg i Askøy og Meland kommunar. Bergen.