• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Husebø

LEVANDE KULTURLANDSKAP

Når åkerriksa først skulle dukka opp att i Nordhordland, var det inga stor overrasking at nettopp Husebø var staden. Her er mykje av det gamle kulturlandskapet framleis i god stand. Det er det fleire enn åkerriksa som verdset.

I 1997 slo ei åkerrikse seg til på eit frodig jorde. Åtferda kunne tyda på at ho kanskje kom til å hekka. Så sjeldan er dette i dag at styresmaktene gav bonden pengar for at han skulle utsetja slåtten og heller kjøpa fôr til dyra.

Gardsbruka på Husebø er små. Tidlegare var fisket attåtnæring – no er det gjerne gardsdrifta som sørgjer for biinntektene, med anna arbeid på land som hovudsyssel. Nokre få bruk driv enno jorda på fulltid, først og fremst med mjølkeproduksjon, og desse bruka leiger jord frå dei andre.

Framleis er det jordvegar som har fått liggja mykje godt i fred på Husebø, og mange av dei gamle løene er i bruk. Fuglelivet er rikt. Storspoven kjem heilt ned på bøane, bergirisk sit på mest kvar gjerdestolpe, stare ser du overalt, og sporvehauken er innom jamleg. Hubroen hekkar nok ikkje her, men er stundom innom og kikkar, han òg. Inne i så godt som alle løer hekkar låvesvaler, oftast fleire enn vanleg på våre kantar. Det vitnar om god insektproduksjon.

Om riksa frå 1997 vitterleg hekka og fekk fram eit ungekull, er uvisst. Men verdsett må ho ha kjent seg. Ho kom nemleg attende til same bøen året etter. Slikt har faktisk ikkje hendt i Hordaland sidan 1970-talet, då arten forsvann som fast hekkefugl i fylket.

  • Åkerrikse

Åkerrikse. (Svein Efteland)

  • Tornsongar

Tornsongar. I krattskogen i utkanten av kulturlandskapet er denne vesle fuglen vanleg. (Jan Rabben)

  • Anna Olsdatter Husebø (1849–1932) i slåtten på Husebø

Hesjinga er det stort sett slutt med på Husebø; her som alle andre stader går graset rett i siloballane. Anna Olsdatter Husebø (1849–1932) i slåtten på Husebø, om lag 1930. Alle måtte vera med i slåtten, unge som eldre.

  • Steinblokkene i stranda på Husebø har bølgjene vaska ut av Herdlamorenen

Morenejord

Gardane på vestsida av Husebøvågen ligg på morenejord. Massane vart avsette framfor brekanten samstundes med at Herdlamorenen vart til. Frå Herdla går morenen over Herdleflaket og kjem opp på tørt land i Meland kommune på Ringholmen og ved Skjelanger. Mest morenejord skuva breen opp på Husebø.

 

Sidan områda både på Skjelanger og Husebø låg under havnivået, som den gongen stod 35 meter høgare enn i dag, inneheld jorda relativt mykje leire. Silt (grov leire), som elva under breen frakta med seg, vart avsett på sjøbotnen. Siltavsetjinga viser att i terrassar med små bekkedalar, nord for krysset der vegen tek av til Husebø, og vidare mot Skjelanger.