• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

IDEN - EIN ADELEG SETEGARD

Iden (Io); ein av dei adelege setegardane i Hordaland, er nemnd i Munkelivs-klosteret si jordebok i 1427. I Bergenhus lensrekneskap er det eit brev dagsett 20. januar 1560, der det står at borgarmeisteren i Bergen, Anders Christenssøn makeskifter garden «Graff i Sogn» (Hafslo) mot garden Iden, som tilhøyrde krona. Anders Christenssøn var komen til Bergen frå Fyn som skrivar på Bergenhus. Seinare vart han rådmann og borgarmeister og vart gift med Karen Jonsdotter av adelsslekta Teiste til Kroken i Luster. Ho hadde garden i Hafslo som arvegods og grunnlag for makeskiftet. Iden fekk no status som setegard. Anders Christenssøn hadde hus på Strandsiden i Bergen og åtte ei sag i Nordfjord. Han var ein av dei mest velståande borgarane i Bergen, og dreiv med jektefart og nordlandshandel. I 1570 miste han ei jekt som gjekk på grunn i Kjelstraumen.