• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fløksand - tidvassflate

Langgrunne strender der det er ein viss tidvassforskjell, og som ligg litt verna mot bølgjeslag, kallar vi gjerne tidvassflater. Dei har ofte eit yrande liv både på overflata og nede i den finkorna sanden og leira. Sandpyramidar frå børstemark og skjel av ymse slag trekkjer til seg eit rikt fugleliv. Plantene har magrare tilhøve – som oftast er det berre nokre få artar som har tilpassa seg eit liv i tidvassona. Eit godt døme på ei tidvassflate finst i Leirvika på Fløksand. Den gjennomsnittlege skilnaden på høgvatn og lågvatn i dette området er om lag 120 centimeter. I det fuktige sedimentet er det dårleg utlufting og vanskelege kår for plantene. Men ein art har funne sin plass her – havstorr. Han er godt tilpassa dette miljøet og finst i store mengder. Lenger inne på den tørrare delen av stranda veks det mykje strandvindel. Han er lett å kjenna på dei store, kvite blomane.