• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Smia på Odland, Meland

Smia på Odland. (Svein Nord)

Navarsmiene på Odland og Fosse var mellom dei som hadde størst produksjon av navarar i mellomkrigstida. Martinus Fosse bygde seg smie i 1877, og denne var i drift heilt fram i 1980-åra – ein av dei sentrale stadene for navarsmiinga i Meland. I 1930 vart det bygt endå ei smie her. På Fossesjøen var det smie alt på 1700-talet, og sist på 1800-talet gjekk dei over til navarsmiing. Framleis er det ein marknad for handsmidde navrar.

Smiinga av ein navar startar med uttynning av emnet. Deretter følgjer utholing av borskjæret, smiing av skjæret, vriding av skjæret med tong og utsmiing til ferdig fasong. Så vert tongen smidd til ein sylkvass spiss. Boren skal no grovslipast. Etter sliping vert boren herda og anløpt. Ein sliper lett over skjæret innvendig og utvendig for å få det blankt igjen etter herding og anløping. Så vert boren finfilt for å få eggen kvass. Til slutt vert det sett på hus og skaft av bjørk. Skaftet («svøyva») vert svidd i ved at den varme tongen vert pressa gjennom skaftet.

  • Eivind Odland i smia

Navarsmedane i Meland

  • Verktøy i smia

Godt verktøy er halve arbeidet (Helge Sunde).

  • Navarar

Navarar (Helge Sunde).

  • Rifsgard, N. (1987) Navarsmedane i Austebygda i Meland. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 105-124.