• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Det er mykje ærfugl i sjøen kring brua

Mange av dei som køyrer over Nordhordlandsbrua, legg merke til at det er mykje ærfugl i sjøen kring brua. Årsaka er at blåskjel, favorittkosten til ærfuglane, veks på brupongtongane. (Stein Mortensen)

SKJELSETJANDE NYVINNING

Då debatten om å byggja flytebru over Salhusfjorden gjekk som verst, var ein redd for at brua skulle forstyrra økologien i fjordsystema innanfor. Dei verste spådommane slo ikkje til, men ei endring er lett å sjå: Ærfuglen har fått eit nytt matfat etter at Nordhordlandsbrua vart bygd. Favorittretten blåskjel trivst på pongtongane.

Tidlegare var det vanleg at det låg godt over tusen ærfugl langs trebryggjene i Sandviken. Det er langt færre der i dag. Ærfuglen har i staden slått seg til i Eidsvåg i periodar. Kanskje har dette noko med ureininga i Byfjorden å gjera.

At det stundom ligg store flokkar med ærfugl ved Nordhordlandsbrua, har andre årsaker. Pongtongane på brua gir feste for skjellarvar. På blåskjelanlegga gjer taustumpar eller «nettingstrømpar» som heng ned i sjøen, same nytten. På eit års tid veks larvane til 3–4 centimeter lange skjel. Då er det duka til fest for ærfuglen om ikkje anlegga blir godt sikra mot dukkande gjester. Nordhordlandsbrua er eit varsel om at det kan bli mange uvelkomne kundar til blåskjelanlegga i havbruket, som venteleg blir fleire i åra som kjem.

Utan oppdretts- eller bruassistanse må ærfuglen finna seg blåskjel på steinar eller anna meir eller mindre fast underlag i øvste vasslaget i sjøen, helst på stader med mykje straum. Skjela lever av algar og andre små næringspartiklar som blir filtrerte frå vatnet. Delar av Osterfjorden har alltid bydd på gode levekår. At saltinnhaldet i fjorden er lågt, er ikkje noko problem. Det er viktigare at den gode straumen gjer livet enklare, mellom anna ved spreiing av egga. Eitt blåskjel produserer 5–10 millionar egg i året.

Måten å livnæra seg på gjer blåskjela utsette for forgifting, anten frå giftalgar eller frå miljøgifter i vatnet. Dette er eit velkjent problem for folk, men sjeldan for fugl. Det er ikkje råd å sjå på eit skjel om det er forgifta, men mange stader i landet blir mengdene av giftalgar i vatnet målte i sommarhalvåret, slik at ein unngår sanking av forgifta skjel.

  • Nordhordlandsbrua mot Osterfjorden

Nordhordalandsbrua

Nordhordalandsbrua, som opna i 1994, er eineståande mellom dei mange bruene kring Bergen. 1246 meter av brua er flytebru, den lengste i verda av sitt slag, men på Bergenssida er det òg eit høgt luftspenn.Overgangen mellom dei to brutypane er på Klauvskallen, der eit brukar med tårn er festa 28 meter under havoverflata, om lag 150 meter frå land.

 

Flytebrua er sett saman av 11 seksjonar som kviler på flytande pongtongar. Konstruksjonen vart vald for å skapa minst mogleg negative miljøeffektar i fjordane innanfor – det vil seia Sørfjorden, Veafjorden, Osterfjorden og sidearmane.

 

I ei årrekkje før brutypen vart vald, gjekk det føre seg omfattande miljøgranskingar i heile fjordsystemet. Granskingane skulle gje informasjon om tilstanden i vassmassane før og etter brubygginga. Fleire brutypar vart diskuterte, mellom anna pongtongkonstruksjonen.

 

Ei løysing med ein samanhengande 3–4 meter djup flytelekam i betong var teknologane sitt førsteval. Kritikarane meinte at ein slik konstruksjon ville føra til redusert gjennomstrøyming i Salhusfjorden. Dermed kunne det bli ei opphoping av – og lengre opphaldstid for – brakkvassmassane innanfor brua. Overflatevatnet i desse fjordane er i utgangspunktet svært lite salt, om lag 4 promille innhald av salt er målt i Osterfjorden (mai 2000). Sterkare fortynning kunne fått store konsekvensar for økosystemet, mellom anna for livsvilkåra for blåskjel og oppdrettsfisk. Hyppigare islegging av fjorden vart òg spådd.

 

Etter omfattande vurderingar konkluderte ein med at desse verknadene truleg ikkje ville få særleg mykje å seia. Lokalt engasjement og politiske avvegingar førte likevel til at pongtongkonstruksjonen vart vald.

  • Ross, B. P.; Furness, R. W. 2000. Minimising the impact of eider ducks on mussel farming. Doktorgradsavhandl. Univ. i Glasgow.