• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Strandstaden Mo

Strandstaden Mo. (Svein Nord)

MO - EIN GAMMAL KYRKJESTAD

Gardane i Modalen ligg på gamle, grøderike sjø- og elvebotnar – mellom Mofjorden og Steinslandvatnet. Heilt frå mellomalderen har Mo vore kyrkjestad for dalen og gardane ovanfor.

Mo i Tysnin (Mofjorden) var eige kyrkjesokn før 1350. Ein gammal ferdsleveg frå Voss går framom garden Farestveit, og Mo låg strategisk til mellom innlandsbygdene og sjøvegen. Etter svartedauden vart Modalen lagd til Hamre prestegjeld. Under nedgangstidene i seinmellomalderen vart mange kyrkjer stengde og fleire sokn slegne saman til eitt prestegjeld, med ein og to prestar i eit stort område der det tidlegare gjerne hadde vore både seks og åtte.

Før prestegjeldet vart delt, hadde modølene lang veg til kyrkje for å få borna døypte; først eit par mil ned dalen og til sjøs, så fire mil i open båt til Hamre. Kjeldene fortel om eit tvillingpar som vart fødd første laurdag i februar i 1711. Dagen etter tok foreldra borna med seg til Romarheim, fekk seg båt og rorskarar, rodde til Litle-Urdal etter fadrar og så til Hamrekyrkja, midt på hardaste vinteren, for å døypa borna.

Folk kom ovanfrå både Modalen og Eksingedalen når dei skulle til kyrkje eller til byen. Før det kom veg til Eidslandet, hadde eksingedølene ei strevsam ferd over fjellet, frå Flatekval til Farestveit eller frå Høvik til Krossdal, for å koma på byveg. Sal av ved til Bergen var ei viktig inntektskjelde. Dalingane førte bjørketømmeret ned elva og landa det på Mo. Der vart det saga og kløyvt. Kvar gard hadde sine faste plassar til dette, og leiga til grunneigarane vart betalt med ved. Fleire av dalingane hadde små tømmerbuer med torvtak nede ved fjorden. Her lagra dei korn og byvarer, og her skifte dei klede når dei skulle til kyrkje. Buene er i dag borte, men den gamle landhandelen står att.