• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Innover Mostraumen

Innover Mostraumen. Gamleskulen (nærast straumen) ligg truleg på den gamle elvesletta frå før 1743. (Svein Nord)

FJORDEN SOM VART TIL EIT VATN OG SÅ TIL EIN FJORD ATT

Inntil 1743 måtte modølingane venta på flod ved Mostraumen før dei kunne trekkja båtane opp elvestraumen, for så å ta årene fatt att over Movatnet. Dette året kom storflaumen som skapte fritt leide like fram til Mo. Hordaland hadde fått ein ny tidvasstraum.

Den første Mofjorden vart borte for fleire tusen år sidan. Mot slutten av istida, for om lag 11 000 år sidan, kalva breen innetter Osterfjorden og Romarheimsfjorden. Der var det god plass og rikeleg djupn. Innanfor Nottveit smalnar fjorden, og djupna minkar. Ved Mostraumen vart brefronten ståande på grunn ei tid, lenge nok til at breelvane fekk avsetja ein rygg av sand og grus på botnen (a på teikninga). Sidan smelta breen så mykje at han sleppte taket i ryggen. Kalvinga flytta seg innover mot Mo, og fjorden følgde etter (b).

Knapt 1000 år seinare, for 10 000 år sidan, hadde landet stige så mykje at grusryggen ved Mostraumen vart tørt land og slik laga ein terskel i fjorden. Innanfor denne sperra vart sjøen etter kvart til ferskvatn. Mofjorden vart til Movatnet (c). Landet heldt fram med å stiga, stadig saktare, til landhevinga tok slutt for om lag 1000 år sidan. Men nivåskilnaden mellom Mostraumen og Movatnet vart ikkje så stor som landhevinga skulle tilseia. Eidet, som skilde saltvatn og ferskvatn, vart meir og meir utgrave av elva i flaumperiodar, slik at Movatnet gradvis vart senka. Då den veldige flaumen 14. desember 1743 braut gjennom eidet, var det truleg ein høgdeskilnad på ein til to meter mellom vassnivået i Mostraumen og Movatnet. Etter storflaumen var nivået utjamna, og dermed oppstod tidvasstraumen. Mofjorden vart på ny ein realitet.

Mostraumen var lenge for grunn for store båtar, ettersom det låg store steinar midt i straumen. Siste oppmudringa, til 3,5 meters djupn, var ferdig i 1913. Straumen er stridast utover. Det har samanheng med alt ferskvatnet som strøymer ut saman med sjøvatnet, som kom inn 6 timar tidlegare.På det striaste kan straumen koma opp i 7 knop.

Mykje av landskapet rundt Mostraumen er endra. Det var her sanddrifta i kommunen starta kring 1890. Slutt vart det i midten av hundreåret som var – då var det meste teke ut. Spora på fjellveggen på nordvestsida av straumen viser kor høgt sandnivået opphavleg nådde.

Plakat som truleg har vore sett opp ved
Mostraumen med følgjande tekst:

Advarsel:
Herved advares mot under sandtagning fra
sandbanken ved Mostraumen at henkaste
eller henlægge den af sanden udharpede
eller udskilte sten og grus langs strømbredden
på saadan maade, at samme enten af
strømmen kan løsrives og foraarsage
opgrunding i strømløbet, eller at trækveien
langs strømmen ødelægges og gjøres ufarbar.
(Søndre Bergenhus Amt 28. januar 1890.
Claus N.Worsøe)

Ved Mostraumen vart brefronten ståande på grunn ei tid, lenge nok til at breelvane fekk avsetja ein rygg av sand og grus på botnen

Stadium i danninga av Mofjorden og Movatnet. (a) 11200 år sidan. Ved Mostraumen vart brefronten ståande på grunn ei tid, lenge nok til at breelvane fekk avsetja ein rygg av sand og grus på botnen.

Kalvinga flytta seg innover mot Mo, og fjorden følgde etter.

Stadium i danninga av Mofjorden og Movatnet. (b) For 11000 år sidan. Kalvinga flytta seg innover mot Mo, og fjorden følgde etter.

Mofjorden vart til Movatnet

Stadium i danninga av Mofjorden og Movatnet.(c) Før 1743. Mofjorden vart til Movatnet. Etter storflaumen i 1743 vart vatnet til ein fjord. 

  • Skre, B. (red.). 1987. Bygdebok for Vaksdal. Ålmenn bygdesoge frå dei eldste tider til 1940. Vaksdal bygdeboknemnd.