• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Nottveitgardane ved Mofjorden

Nottveitgardane ved Mofjorden. Bilete frå 1990 (Kjell Andresen)

I ei av dei grindbygde løene på Nottveit, på bruk 3, oppdagar vi at fleire av stavane har eit mellomalderleg preg, med store dimensjonar og forseggjorde, avfasa kantar. Etter tradisjonen var det gardane Nottveit og Mostraum som skaffa tømmer til stavkyrkja på Mo, og det er ikkje usannsynleg at desse gardane fekk attende det gamle tømmeret då det vart reist ny kyrkje i 1593.

Nottveit ligg like ved innløpet til Mostraumen. I mellomalderen høyrde Nottveit til Munkeliv kloster. Frå 1660-åra kom garden på private hender, og De Fine-slekta åtte dei fleste bruka til ut på 1700-talet. I matrikkelutkastet frå 1723 står det om denne garden: «... Sæter 1/4 Miil fra Gaarden. Brænde og Fyrreskov til Husbehov, 1 Flomkværn, ligger ved Søen 5 1/2 Miile fra Bergen. Maadelig Jordhold, tungvunden og ligger indfrossen den hele Vinter. Lever af Kvægavl og Brændeved at sælge». Alle brukarane på Nottveit vart sjølveigarar tidleg på 1700-talet; Nottveitbøndene var faktisk mellom dei første i Modalen som åtte gardane sine. Den vesle kraftstasjonen frå 1941, som står enno i dag, gjorde desse gardane sjølvforsynte med elektrisk straum fram til 1958.