• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Steinslandsvatnet

SNØSKREDSVIFTER OG -GROPER

Om vinteren og våren er delar av vegen langs vestsida av Steinslandsvatnet stengd, og trafikken blir leidd gjennom ein tunnel. Tvers over vegen, på nedsida av tunnelen, ligg det då store snøskredvifter. Når snøen smeltar, kan ein sjå vifteforma massar av sand og grus på same staden. På overflata ligg steinar, tre og røter. Nedanfor viftene er det nokre merkelege groper i vasskanten, med vollar med store steinblokker på utsida av gropene (biletet). Dette er dei einaste formene av sitt slag i Hordaland. Det er snøskred som gjer det geologiske arbeidet. Skreda losnar frå hengjeskavlar på fjellstupet 900 moh. på vestsida av Steinslandsvatnet og tek med seg lausmassar som har lege i fjellsida, eller som har forvitra laus sidan førre skredet. Skreda stoppar som oftast like ovanfor vatnet, og når snøen smeltar, ligg steinane att. Med åra byggjer det seg opp tjukke skredvifter. Dei største snøskreda har så stor fart at når dei treffer vatnet, forplantar vasstrykket seg ned mot botnen like ved stranda, grev ut 4–5 meter djupe groper og kastar store steinar utover som byggjer opp vollar over vassflata.

  • Frå Øvre Helland og innover Steinslandsvatnet.

Frå Øvre Helland og innover Steinslandsvatnet. Tunnelen der snøskreda går, ligg om lag midt på biletet, på venstre sida av vatnet.