• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Bruvik mot sørvest.

Frå Bruvik mot sørvest. Lauvskogen har eit godt grep om liene langs fjordsida. (Svein Nord)

Som mektige vollgraver omkransar lange fjordar denne store innlandsøya – fjordane når ned mot 650 meter på det djupaste. Isstraumane skura med stor kraft i mjukt og oppsprukke fjell langs tre hovudretningar. Slik skjedde det uvanlege at vassvegane til slutt møttest og omflødde landet der Osterøy ligg.

Frå sør møter øya deg med eit småkupert landskap med låge ryggar som vekslar med dalar og søkk. Her er lendet for det meste grønkledt, ikkje nake og barskt, som nordaust på øya. Det er geologien, dei såkalla Bergensbogane, som i særleg grad formar dette landskapet, her som i grannekommunen Lindås. Den ytre delen av Osterøy høyrer til desse bogane, den indre delen av øya ligg austafor. Då isen låg tjukk over landet, skura og gnog den sjølvsagt dei djupaste furene der det var minst motstand. Den grov seg ned etter lengderetninga på Bergensbogane der fjellet var lagdelt, skifrig og reist på høgkant. Slik går alle søkka i retning nordvest-søraust; eit «bakke opp og bakke ned» landskap. På tvers av bogane har vegane vorte lange og svingete – før vår tids tunnellar skjer seg gjennom.

Mellomalderens skipreide var organiserte kring fjordane og omfatta landskapet på begge sider – Arne skipreide i aust, Mjelde skipreide i sør og den store Hosanger skipreide i vest og nord. Dei tre prestegjelda Haus, Hamre og Hosanger var utgangspunktet for kommunane etter 1837, og dagens Osterøy er ei samanslåing frå 1964 av kommunane Bruvik, Haus, Hamre og Hosanger, med unntak av den nordaustre delen av øya, som framleis høyrer til Vaksdal kommune. Åsane vart skild ut som eigen kommune frå Hamre kommune i 1904. Haus prestegjeld omfatta soknene Haus, Mjelde, Gjerstad, Bruvik og Stamnes. I 1870 vart Bruvik og Stamnes skilde frå med namnet Bruvik kommune, og først i 1964 vart Arna skild ut som eigen kommune. Logikken er enkel – det er overgangen frå båtens til bilens landskap som syner att i disse endringane.

Ei av dei fire fylkeskyrkjene i det gamle Hordafylket ligg på Hamre; ein sentral stad i det store prestegjeldet som strekte seg frå Sandviken i Bergen til øvst i Modalen, tilsvarande Hosanger skipreide. I 1749 vart Hosanger skilt ut som eige prestegjeld, med Hosangerkyrkja som hovudkyrkje. Hamre, eller Hamarr, er det gamle namnet på tingstaden ved Osterfjorden, innanfor Hamarsneset. Fire fjordar møtest her, og Hamarr var sentrum for heile Nordhordland før Bergen kom til. Gangdagetinget – gangdagane var dei tre dagane før Kristi Himmelfartsdag – vart halde på Hamarr i Oster. Hamarr er etymologisk det same namnet som kaupangen Hamar i Hedmark.

Om namnet Hosanger er det ulike teoriar. Siste leddet; -angr, tyder vik eller fjord. Oluf Rygh seier at første leddet truleg kjem av hosa, «… en lang strømpe»; Mjøsvågen liknar fotstykket på ein sokk. Lokalhistorikaren Johan Litleskare meiner derimot at «hosa» har samanheng med ein stad der ein tverrdal munnar ut i ei bukt ved fjorden; under roren langs land må ein «sleppa landet». Ei slik hosa er det frå Hoshovde og til Gatland; eit vindhardt fjordstykke der dalasnoen kjem ut i den avstengde vågen – Hosanger.

Jordbruk på skiferjord

Dei svakaste bergartane formar dalar. Dalen ovanfor frå Bruvik, som er utgraven i glimmerskifer, er ein av dei. Ut mot Osterfjorden held desse dalane fram i vågar, som Fotlandsvågen, Mjøsvågen og Lonevågen. Opp frå Lonevågen, gjennom eit trong dal, opnar landskapet seg mot Gjerstad og ei stor brei bygd ligg framfor ein med gard etter gard på fine bøar. Gardane er tufta på næringsrik forvitringsjord frå smale skifersoner, slikt ein også finn att på Vevle, i Austbygda og på Myking. I Mjeldalen, det rikaste jordbruksområdet på Osterøy, er det ikkje vitring av fast fjell, men tjukk morenejord som har gitt grunnlag for den gamle storgarden.

Bergensbogane femner både om urtidsbergartar som tilhøyrer Lindåsdekket og yngre kambrosilurbergartar i Store Bergensboge (s….). I Lindåsdekket i vest finst ulike djupbergartar og gneisar, og soner med den kvite, feltspatrike bergarten anortositt. Både jarn, nikkel og kopar har vore vunne ut frå desse bergartane. Kambrosilurlaga strekkjer seg frå Stokkaneset til Bruvik og nordover forbi Vestrevatnet til Fotlandsvågen. På Skaftå vart marmor utnytta industrielt frå 1869 heilt fram til 1960-åra.

Nord og aust på øya er det den harde grunnfjellsgneisen som rår. Fjella er høgare enn i sør og vest; dei sørgjer for at nedbøren er dess større. I gneisen er det enno att nokre små fjellvidder, restar av eit eldre og flatare landskap. Særleg sør for kommunegrensa, ved Rispingen (742 m o.h.) er dei tydelege i landskapet.

Grøderike lier og artsrik skog

Fjell og kollar skjermer mot vær og vind på øya, og ein kan finna lune holer med svært høg temperatur på fine sommardagar. Til gjengjeld kjem nattefrosten tidleg, og det kan bli heller kaldt om vinteren. Mot vest og sør kjem våren først og vinteren sist. Nedbørsstasjonen på Gjerstad registerer 2200 mm i året, same som i Bergen.

Osterøy har mykje naturskog, med furu som det dominerande treslaget. Mest særmerkt er likevel skogen som høyrer til dei gamle kulturlandskapa. I dei grøderike liene langsmed Sørfjorden veks mykje ask med greiner som breier seg utover dei smale og svingete vegane. Mellom Haus og Bruvik vekslar edellauvskog med frukthagar, ikkje ulikt landskapet ein møter i indre Hardanger. Edellauvskogen er særleg artsrik, men ikkje lett å ta seg fram i der han stupar rett i fjorden. Somme av dei varmekrevjande plantane i skogkanten, til dømes raudknapp og mørk kongslys, er elles sjeldne å sjå så langt vest i fylket. I det verna gardsmiljøet på Havrå vitnar meir enn 200 år gamle stuvar av ask og alm om at skav og lauv frå trea vart hausta til vinterfor. På desse stammane veks ei mengd mosar og lav, også fleire sjeldne artar.

Bruviknipa, eller Brøknipa som den også kallast, ligg som eit høgt tak over lauvskogen. Her veks reinrose, raudsildre, fjellsmelle og ei rekkje andre fjellartar som trivst på kalkgrunn. Fjella lenger nord på øya har mykje færre planteartar. Også skogsområda i nord skil seg vesentleg frå sørsida av øya. I nord er det helst furu og bjørk og mykje lyng, blåtopp og einer. Om floraen er fattig og klimaet vått, byd denne fjellheimen likevel fram ein spanande fauna. Det er truleg i desse fjella den sjeldne smålomen hekkar, han som elles er å finna på matjakt ved Storavatnet. Fjellfuglar som heilo, snøsporv og fjellvåk held også til i dette området. Jamvel lemen er å finna.

Austre- og Vestrevatnet, som til saman utgjer Storavatnet, er utan samanlikning den største innsjøen. Vatnet er regulert, men saman med naturreservatet på Herlandsnesjane utgjer likevel vatnet eit av dei mest unike naturområda i Hordaland, eit område av internasjonal verneverdi.

Levande fjord

Rundt øya er sjøvatnet dekt av eit bortimot ferskt overflatelag. I nedbørrike periodar er det berre nokre få promille saltinnhald i dei øvste 3-4 metrane. Likevel gir fjorden nok næring til fugl og fisk. Osterfjorden, og spesielt dei mange vågane som vender ut mot fjorden, er viktige vinteropphaldsstader for fleire artar dykkender og for skarv. Fjordane som tidlegare var kjent for store fangstar av laks og sjøaure har no mange oppdrettsanlegg. Mange meiner at smittsomme virus, lus og forureining utgjer eit trugsmål mot det naturlege livet i fjordane. 

Det ferske overflatevatnet gjer at den djupe og smale Veafjorden lett frys til. Sjølv om fjellsidene er steile, har dei djupe fjordane kring Osterøy difor ikkje vore nok til å stogga innvandring av firbeinte skapningar. I gamle dagar skal her ha vanka ulv. Han vandra over isen, men det seiest at folk gjekk manngard og jaga gråtassen bort. Fuglar, insekt og plantar som ein normalt finn på austlandet har også funne tilhald på innlandsøya.

I sølv tre blå øksar med blada ned

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 20.12.1985 og er utteikna av Egil Korsnes, etter utkast av Magnus Hardeland. Utgangspunktet for motivet er tømmermannsbila, eller øksa som blir brukt i bygningsarbeid. På Osterøy har bygningsfaget lange tradisjonar. Øya ligg nær Bergen, der små og store brannar ofte herja. Ostringane bygde opp igjen byen og dei bygde òg nytt etter som byen voks. Mange hus på Osterøy ber preg av godt bygningshandverk.

valknute

Den gno. forma av Osterøyi er Óstr, som kan setjast i samband med verbet å auka. Tydinga er usikker, kanskje "den høge" eller "den store". Havrå kan vera ei samansetjing av gno. hafr "bukk" og á "elv" eller dativ fleirtal av eit ord avleidd av hafr. Mjelde er i slekt med mjøl, i stadnamn ofte brukt om lende med fin sand. Valestrand med Valestrandsfossen inneheld helst gno. valr "falk" i førsteleddet. Valestrand i Sveio er derimot laga til gno. vađill "vad, grunn stad i vatn". Mjøs er skrive i Miđhusum i Bergens kalvskinn (1360) og tyder såleis "det midtre huset eller garden". Førsteleddet i Fotlandsvågen går attende på foss. Forma Fot- er resultat av den vanlege vestnorske lydovergangen sl > tl, jf. vesle som vert til vetle. Geitreim er samansett av geit og (h)eim. Førsteleddet i Lonevåg tyder "still, djup bekk eller elv".

  • Tidlegare beitemark i Havrådalen
  • Søyleeiner
  • Rune Revheim er ein meister i å byggja brakeløer
  • Brake

Brake

Brake, som ein kallar einer både på Osterøy og mange andre stader, er nøysam og seig som strilen, og kan brukast til det meste. Når Osterøy òg er senteret for den gamle byggjeskikken med brakekledde løer, er det ikkje til å undrast på at ostringane har valt brake til kommuneplante.

 

Einer er det mest utbreidde bartreet her til lands. Han veks mest overalt, frå dei ytste øyar til langt oppå høgfjellet, og kan bli svært gammal,tusen år og kanskje meir til. Til vanleg er eineren ein busk på ein til to meters høgd. Men han viser ei eineståande tilpassing til veksestaden. Der det er mykje vind, blir vekstforma låg og ofte krypande. På lune stader, der sola tek godt i bakken, kan eineren bli rett så høgreist, gjerne over 10 meter,med ei slank søyleform som får han til å likna sypressane på sørlegare breiddegrader. Søyleeiner finst både på Osterøy, i Hardanger og i indre delar av Sunnhordland, særleg i Etne og Kvinnherad.

 

I Hordaland er eineren svært vanleg og trivst godt, sjølv der jorda er karrig. Ikkje minst i furuskogen gjer han svært mykje av seg. Når furuskogen er heilt tett av einer, er han nesten ugjennomtrengjeleg for menneske og dyr. Men eineren kan her òg vera til pryd, ikkje minst om vinteren, når han gir grønfarge og liv til skogen. Busken krev gode lystilhøve. Derfor er han ikkje å finna i tett lauvskog med mykje skugge. Han trivst heller ikkje på myr og andre fuktige stader.

 

Det veks svært mykje einer på tidlegare beitemark og lynghei. Med redusert bruk av utmarka har han fått veksa fritt, og medverkar sterkt til attgroinga vi ser nesten overalt i fylket. Oppetter dalsidene og fjellskråningane er det mange stader tett i tett med einer fordi det ikkje lenger finst beitedyr som kan halda han borte. Dette planteslaget har dermed vore med og endra vegetasjonen i fylket gjennom det siste hundreåret.

 

Når eineren no tek opp plassen i store delar av utmarka, er mange område heller ikkje lenger eigna til beitemark. Det kan derfor vera ønskjeleg å fjerna han somme stader, for å betra beitetilhøva. Men det er ikkje lett å riva opp dei seige røtene, om planta er aldri så lita. Brenning, eller sviing, er enklare og meir brukt. Dei tørre stammene blir likevel ståande att i årevis etter sviinga.

 

Eineren er velluktande og svært haldbar mot roteåtak på grunn av sitt høge harpiksinnhald. Dette har medverka til eit mangfald av bruksmåtar. Heile femti ulike måtar skal vera kjende. Han er nytta til ymse typar reiskapar, gjerdestolpe, hesjestaur, trenagle, krok, gryteskrubb, sopelime og juletre. Einer var tidlegare brukt innomhus til strø på golv, kanskje på grunn av godlukta. Ein strødde òg einer framom hus i samband med jordferda, både utanfor heimehuset og husa kista vart ført forbi. Bruk av einer og einerbær til krydder, røyking av fisk og kjøt, øl og te og som medisin mot nær sagt alle slags sjukdommar, er velkjent.


På Osterøy har mange grindbygde uthus brakakledning. Veggene er reiste med treverk av tynne, horisontale spiler. Loddrett mellom spilene er det fletta einerbuskar,med bar og greiner på plass. Veggene er tette mot regn, men opne for luft. Dei tørre og luftige brakeløene er svært godt tilpassa kystklimaet. Einer er lett tilgjengeleg og var ein viktig fornybar ressurs i eit distrikt der skogen tidleg vart uthogd.

  • Saa Maata, reproduksjon

En liten krønnice SAA MAATA

Skriftet «En liden Krønnicke SAA MAATA», datert 1723, gjev eit nær bilete av bygdeskikkar og tradisjonar på Osterøy. Forfatteren er sannsynlegvis ei embetsmanns frue. Her får vi inn blikk i bryllaups skikkar, bygde drakter, røykstover og kroting, og ei ordbok over ord og vendingar – som sjølve tittelen på skriftet er eit uttrykk for. Skriftet er eit tidleg døme på den interesse for topografiske bygdeskildringar som blømer i andre halvdel av 1700-talet. Vi ser her ein av illustrasjonane; dei gamle bygdedraktene eller kvardagsbunadene.

  • Eckersbergs akvarell av bygningsstrilar frå Osterøy

Eckersbergs akvarell av bygningsstrilar frå Osterøy avspeglar det omdømmet ostringane hadde i samtida; det var dei som bygde Bergen opp etter dei mange brannane (akvarell: Eckersberg, 1851, eigar: Norsk Folkemuseum).

  • Lundgrønaks

Lundgrønaks, ein karakterart i dei frodige edellauvskogane på Osterøy. (Bjørn Moe)

  • Kvitryggspette

Vi finn mange spor etter hakkespettar i skogsliene på Osterøy, mellom anna etter kvitryggspetten – fylkesfuglen i Hordaland. (Jan Rabben)

  • Aasheim. H. S. (1990) Hamre: gards- og ættesoge for tidlegare Hamre kommune og sokn på Osterøy.
  • Hodnekvam, R.G. (1971) Mål og minne: stadnamn i Haus. I: Haus i soga og segn, 9. Bergen, Haus sogenemnd.
  • Høeg, O. A. 1976. Planter og tradisjon. Universitetsforlaget.
  • Høeg, O. A. 1979. Eineren i norsk natur og tradisjon. Norsk skogbruksmuseums særpublikasjon 11.
  • Kleiveland, G. (1988) Bygda gjennom tidene: Hauge-bygda frå dei eldste tider til kring 1950.
  • Litleskare, J. (1937) Kyrkjor og kristenliv. I: Haus i soga og segn, 2 (1). Bergen, Haus sogenemnd.
  • Moe, B. (under arbeid). Kartlegging og verdisetting av naturtypar på Osterøy. Osterøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Overvoll, O.; Wiers, T. (under arbeid). Viltet på Osterøy. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Osterøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Revheim, M. L. (1954) Haus: Haus i soga og segn: noko om Haus frå gamal og ny tid. Ytre Arna.
  • Rundhovde, G. (1964) Målet i Hamre: ljodvokster og stutt utsyn over formverk i eit Nordhordlandsmål. I: Hamre Bygdesoge, 1. Bergen.
  • Stjorn og styring (1937). I: Haus i soga og segn, 15 (1). Bergen, Haus sogenemnd.
  • Vatle, L. 1988. Gruvedrift på Osterøy, Osterøy skolestyre.
  • Velve, O. (1951) Skule og uppseding. I: Haus i soga og segn, 16. Bergen, Haus sogenemnd.
  • Østerbø, N. (1975) Skulekrinsen Hjellvik.
  • Osterøy i soge og samtid: sogeskrift for Osterøy (1985-1986, 1989-). Kulturvernnemnda i Osterøy, Osterøy museum, Osterøy sogelag, Hosanger sogelag.