• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Osterøy museum

Frå Osterøy museum (Svein Nord).

Gjerstad Fornminnelag, som det så tidstypisk vart heitande då laget vart skipa i 1920, heiter i dag Osterøy museum. Museet har fine samlingar frå bygdene i indre Nordhordland, med vekt på handverk og småindustri som er så karakteristisk for Osterøy. Ti av museet sine bygningar står i tunet på Gjerstad, tilflytta frå ulike stader. Fjellskålnesloftet frå 1600-talet vart reist like etter krigen, og den nyaste tilveksten på museet er skulestova frå 1922. Eit gardsgarveri på Brakvatne høyrer også til Osterøy museum, likeins eit garverimuseum på Valestrand, ei gardssmie i Mjelddalen og den vesle låsefabrikken i Bløddalen, like nedanfor museet på Gjerstad.

  • Interiør frå smia i Bløddalen
  • "Gjerstad Låsfabrikk" i Bløddalen

Smia i Bløddalen

Etter tradisjonen var det smedar frå Voss som lærte frå seg smedkunsten til ostringane. Hovudsambandet mellom vossebygdene og Bergen gjekk framom Osterøy, så denne tradisjonen kan godt ha ein kjerne av sanning i seg.

 

Osterøy vart eit sentrum for smier og metallverkstader frå 1860-åra av; mange av dei med marknad i Bergen. Rett etter siste krig var nærare 20 av dei framleis i drift. Låsesmia i Bløddalen i Gjerstad gjev oss eit fascinerande nærbilete av denne næringsverksemda, på overgangen mellom handverk og industri. Gjerstad Låsfabrikk vart skipa i 1887 og var i drift til fram i 1950-åra. Fabrikken spesialiserte seg på trekklåsar, og på det meste arbeidde det 6-7 mann i fabrikken. Sjølve smia er i kjellaren, med esse driven av eit vasshjul, og i etasjen over vart låsane sette saman. Verktøy og arbeidsbenker står slik smia var den siste arbeidsdagen, med alt det opphavlege utstyret på plass. Bløddalssmia høyrer i dag til Osterøy museum.

  • Den gode jorda på Gjerstad er gammal havbotn og har gitt grunnlag for mange bruk

Den gode jorda på Gjerstad er gammal havbotn og har gitt grunnlag for mange bruk. Gjerstad kyrkje i bakgrunnen.(Smith-Pettersen)

  • Osterøy Museum. <1990>. 16 s.