• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Herlandsnesjane

MYRRESERVAT I SÆRKLASSE

Herlandsnesjane, ei fire kilometer lang halvøy i Storavatnet midt på Osterøy, er verdskjend blant botanikarane. Her ligg ei uvanleg stor og variert myr.

Trass i det fuktige klimaet er dei fleste myrane i Hordaland små. Dette heng saman med det ujamne vestlandsterrenget som får vatnet til å renna raskt unna. Men på Herlandsnesjane har det flate landskapet gitt rikeleg vekstrom for myrar. Det veks òg ein del furuskog i ytterkanten av myrane. Denne vekslinga av skog og svære myrflater særmerkjer landskapet.

Dei blautaste partia ligg i kanten av tjørnene og dei mange små dammane, som minkar etter kvart som dei gror att med torv. Sakte, men sikkert vil attgroinga føra til at myra i framtida vil sluka dei små tjørnene som i dag er viktige for ei rekkje planter og dyr.

Myrvegetasjonen er variert, etter kor mykje næring torva inneheld. Delar av myra får det meste av næringa frå regnvatnet – torva blir då sur og fattig på viktige mineral. Slik torv viser mest att som høge tuver. Andre stader får torva tilført rikeleg med næring frå grunnvatnet. Her er vekstvilkår for fleire kravstore artar, som breiull, dvergjamne og loppestorr. Rome veks alltid på stader der torva er fast. For dei som vil ta seg ut på myrane utan å risikera å bli ståande med halve støvleskaftet nedi surklet, er det lurt å følgja romen.

Ei lang rekkje av dei vanlege myrplantene finst på Herlandsnesjane. Det er mest av slike som helst veks i kyststrøka, som pors, rome og klokkelyng. Blystorr og nykkesiv er mellom dei sjeldne myrplantene som er å finna.

  • Duetrasta
  • Herlandsnesjane

Austlendingar i vest

Om ein ikkje ser mykje fugl i den karrige naturen rundt myrane, er artsrikdommen stor, med fleire fugleslag som til vanleg held seg på Austlandet. Til dømes hekkar fleire par duetrastar (biletet) på Herlandsnesjane, ein sjeldsynt hekkefugl elles i Hordaland. Andre typiske austlandsfuglar, som skogsnipe og grønstilk, er funne fleire gonger. Også fleire artar augnestikkarar og edderkoppar som er sjeldne på Vestlandet, finst her. Den mest oppsiktsvekkjande i så måte er ein hoppeedderkopp, Lasaeola tristis, ein varmekrevjande, austleg art.

 

Dvergbjørka er heller ikkje nokon typisk vestlending. Den halvmeterhøge busken er mest utbreidd austpå og nordpå i landet. I Hordaland er ho sjeldan å sjå i slike mengder som på Herlandsnesjane. I låglandet trivst dvergbjørka best på myr, så sant torva ikkje er for blaut. I høgfjellet veks ho òg på tørr jord. Skilnaden i jordkrava kan delvis koma av lystilhøva. I låglandet blir denne plantearten oftast skugga bort av skogen, medan det er nok lys på store myrflater. Dvergbjørka manglar likevel heilt på dei fleste kystfjell, men ho er utbreidd i fjella på Stord og på Hardangervidda. Kvifor ho er så ujamt spreidd i fylket, har ein enno ikkje funne ei forklaring på.

  • Myredderkoppen

Det finst mange ulike artar edderkoppar på Herlandsnesjane; myredderkoppen (biletet) er den største. Med den lyse stripa er han lett å kjenna att. (Jan Rabben)

  • Myrkråkefot

Myrkråkefot – sjeldsynt myrplante som veks på Herlandsnesjane. (Bjørn Moe)

  • Åkra, K.; Djursvoll, P. 2000. Terrestre arthropoder fra Herlandsnesjane naturreservat på Osterøy, Hordaland. Fylkesmannen i Hordaland, MVArapport 3/2000.
  • Byrkjeland, S. 2000. Ornitologisk inventering av Herlandsnesjane naturreservat 2000. Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland,rapport.
  • Flatberg, K. I. 1976. Myrundersøkelser i Sogn og Fjordane i forbindelse med den norske myrreservatplanen. Rapport. Det kgl. videnskabers selskab, Museet. Botanisk serie 1976:8.