• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hosanger kyrkje

Hosanger kyrkje (Svein Nord).

1. juledag 1795, kl. 5 om morgonen, slo lynet ned i kyrkja i Hosanger. Etter tre timar var tømmerkyrkja frå 1600-talet, som hadde avløyst stavkyrkja frå mellomalderen, lagd i oske. Alt nyårsdag 1796 vart det halde gudsteneste for Hosangerfolket i fjordungskyrkja på Hamre, som dei tidlegare høyrde til.

Hosanger kyrkje er nemnd første gong i 1319. I 1329 var Audfinn, bisp i Bergen, på visitas og skriv til presten i Hamarr, Sira Peter, om ein ekstra kyrkjeskatt: Geirstadir og Hosangr skulle svara ei halv mark sølv. Hosanger og Gjerstad var då eitt sokn, men etter svartedauden vart Gjerstad sokn lagt til Haus prestegjeld og Hosanger til Hamre, saman med Modalen. I 1749 vart Hosanger skilt ut som eige prestegjeld.

Ved kyrkjeettersynet i 1686 går det fram at Hosanger var ei tømmerkyrkje med tilbygt tårn framfor vestgavlen; måla innvendig og "vel flid". Utvendig trong ho vøling; sutak, kjøl og vindskier av "... nye hugne bord, ... alt brædis" (med tjøre). Det var denne kyrkja som brann i 1795.

Den nye kyrkja vart bygd med vegger i gråstein; .".. i Grunden 21/2 Alen og i Toppen 11/2 Alen tyk". Kostnadsoverslaget rekna med m.a. "5 Tylfter Spær" og "7000 Tagsteen". Heile kyrkja var kostnadsrekna til 4338 rdl. Kvar gardbrukar skulle yta 8 rdl. Det var tungt for mange småbønder; for einskilde tok det over 10 år å greia sin del.

Stiftsprost Johan Nordahl Brun vigsla kyrkja 18. oktober 1796, og den elles litt surmaga biskop Claus Pavels skriv under visitasen i 1821: "Hosanger kirke er dog den smukkeste paa landet i Bergen, lys, bequemt indrættet, med Orden og Symmetrie, malet med Smag, uden gloende Farver". I 1865 fekk kyrkja eit tilbygg, etter at Stortinget i 1851 vedtok ei lov om storleiken på kyrkjer og kyrkjegardar i høve til folketalet.

  • Hole, I. (1950) Hosanger kyrkje og Hosanger prestegjeld gjennom 200 år: 1750-1950. Bergen.