• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kossdalsvegen

KOSSDALSVEGEN

Tek du vegen frå Mjøsvågen og Hosanger innover mot Kossdalen, då ferdast du på ein gammal veg; hovudsambandet i eldre tid mellom Hosanger og bygdene lenger inne på Osterøy. Inst i dalen går vegen opp ei bratt li, med 17 hårnålssvingar og ei stigning på 27 prosent i gjennomsnitt. Vegen vart bygd på pliktarbeid av grunneigarane i området, i åra 1889 til 1893. Etter at det kom nytt vegsamband frå Fotlandsvåg til Hosanger, gjekk Kossdalsvegen ut or bruk. Vegen vart sett i stand i 1978 og har no status som kulturminne. Det er ein fin tur å vandra inn Kossdalsvegen og opp Svenheimssvingane.