• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

HOSANGER NIKKELGRUVE

Svære mengder nikkelmalm har vore brotne ved Litlandsvatnet, mellom Lonevågen og Hosanger. Funnet vart gjort i 1875. I driftsperioden frå 1882 til 1945 vart det utvunne 4170 tonn rein nikkel frå 462 000 tonn malm, ein stor produksjon i norsk målestokk.

Malmen inneheld mellom 0,4 og 3,0 % nikkel. Malmen ligg på undersida av ein gabbro. Gabbroen ligg som ei diger linse i dei kvartsrike gneisane som dominerer området. Truleg for meir enn ein milliard år sidan var gabbroen bergsmelte som trengde inn i gneisane. Sulfidmineral, mellom anna pentlanditt som inneheld nikkel, i tillegg til magnetkis, koparkis og svovelkis, var blant dei første minerala som vart danna då smelta gradvis størkna. Dei sokk ned på botnen av smelta og vart dermed liggjande underst i gabbroen.

Mangel på drivverdig malm gjorde at gruva vart nedlagd i 1945. Men det er framleis mange spor etter drifta, og malmen er enno å sjå ved gruvesjakta ved Litlandsvatnet.

  • Kart over gruveområdet på Litland i Hosanger

Kart over gruveområdet på Litland i Hosanger. (Harald Bjørlykke/Haakon Fossen)

  • Malmen, som finst ovanfor gruvebygningane, er rusta på utsida

Malmen, som finst ovanfor gruvebygningane, er rusta på utsida. Eit velretta slag med hammaren kallar fram den eigentlege utsjånaden. (Haakon Fossen)

Gruvedrift på Osterøy

I 1875 vart det gjort funn av malmstein på Litland og Nonås, og i 1882 sette eit engelsk selskap i gang gruvedrift på Nonås. Dei første åra vart malmen boren i kiper frå Nonås til Gjetreim, til utskipingshamna. Seinare vart det bygt anleggsveg og kai. Eit svensk selskap overtok drifta i 1890 og bygde Noregs første taubane frå Nonås til Gjetreim. I 1915 bygde Kristiansand Nikkel Raffineringsverk opp eit moderne gruveanlegg på Litland, med taubane frå Litland til Bysheim-kaien. Etter ein konkurs i 1920 kom drifta i gang att i 1933, men i 1945 var det slutt. Då hadde det vore teke ut 500 000 tonn malmstein som gav 5000 tonn rein nikkel. To av dei gamle gruvene på Nonås er til gjengelege i dag, og gruve området på Litland kan du sjå frå hovudvegen.

 

Kalksteinsgruvene på Skaftå ved Bruvik kom også i gang i 1870-åra, og i mest 100 år, fram til 1961 var dette ein stor arbeidsplass, med ein arbeidsstokk på 40-50 mann. Drifta vart teken opp av P.G. Rieber, som først tok ut marmor blokker til verkstaden sin i Bergen. Avfallssteinen gjekk vidare til kalkbrenneriet hans. Frå 1908 gjekk mesteparten av steinen til kalk omnane ved Odda smelte verk, til karbid- og kunstgjødningsproduksjon. Kalkåra i fjellet stod loddrett i 12 meters breidd, og gruva var om lag 1 kilo - meter i lengd. I alt vart det teke ut 4 millionar tonn kalkstein her. Dagbrotskjeringane er enno synlege, 150 meter frå vegen.

  • Bjørlykke, H. 1949. Hosanger nikkelgruve. Norges Geologiske Undersøkelse 172:1–38