• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lonelva

VERDAS MINSTE LAKS?

Det heiter seg at laksestammene med dei mest storvaksne og mest småvaksne laksane i verda begge høyrer heime i vassdrag som renn ut i fjordsystema kring Osterøy. Vosso skal ha dei største gytelaksane som finst i noka elv, Lonelva skal ha dei minste.

Idalen ned mot Lonevågen strekkjer grasbakkane seg oppetter liene, går over i lauvskog og gran og gir dalen ein tone av tindrande grønt. Midt i dette flyt Lonelva gjennom flate marker. Elva er kanskje ei av dei mest ubetydelege lakseelvane i landet, med tanke på lengd og vassføring. Vassføringa er faktisk så lita at det rett og slett ikkje er plass til nokon storlaks. Men Osterøy-laksen har tilpassa seg dei tronge levekåra, gjennom genetisk utval.

I Hordaland gyter laksen vanlegvis i oktober–november. Yngelen held seg i oppvekstelva nokre år før han blir smolt og vandrar ut i havet. Veksten er i stor grad avhengig av vasstemperaturen. På Vestlandet tek det vanlegvis om lag tre år før utvandringa av smolten skjer. I eit «varmt» låglandsvassdrag som Oselva skjer det raskare – som oftast etter to år. Også Lonelva får mykje av vasstilførsla frå lågareliggjande område, slik at smoltifiseringa går raskare enn vanleg.

Til vanleg er vekta på ein utvandringsklar lakseunge under 25 gram, medan lengda kan variera frå 11 til 22 centimeter. Laksen tek ikkje til å veksa for alvor før han kjem ut i havet. Men også i havet er det store skilnader i veksttakten. Etter eitt år aukar vekta gjerne til 4–8 kilo. Og etter tre år veg laksen 8–13 kilo.

I Lonelva har snittlengda ved utvandring variert mellom 13 og 14 centimeter i ei årrekkje. Det er i havet Lonelv-laksen fullt ut får demonstrera kva gener han er laga av. Etter eitt år veg minilaksen berre 1,45 kilo i snitt. Og etter tre år i havet stoppar gjennomsnittsvekta på smålåtne 2,49 kilo. Laksen returnerer til fødeeleva for å gyta etter 1–4 år i havet. Fiskarane som ventar på Osterøy, har ikkje utsikter til å fanga storlaks. Til gjengjeld kan dei venta å få fleire fiskar enn i mange andre elvar. Laks på 1–2 kilo og sjøaure i underkant av 1 kilo har det vore godt om i Lonelva. På 1980-talet vart Lonelv-laksen sett ut i Akerselva i Oslo.

Den småvaksne laksestamma har greidd seg betre enn mange storvaksne artsfellar gjennom den kritiske perioden på 1980- og 1990-talet. I Vosso er det ein føremonn å vera stor. I Lonelva er det eit vilkår å vera liten. Og kvifor vera stor når ein er lukkeleg som liten?

  • Laksefiske i Lonelva på1950-talet

Laksefiske i Lonelva på 1950-talet. (Eivind Færøvik)

  • Skurdal, J.; Hansen, L. P.; Skaala, Ø.; Sægrov, H.; Lura, H. 2001. Elvevis vurdering av bestandsstatus og årsaker til bestandsutviklingen av laks i Hordaland og Sogn og Fjordane. DN-Utredning 2001–2. Direktoratet for naturforvaltning.