• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Mjelddalen mot Sørfjorden

Mjelddalen mot Sørfjorden (Svein Nord).

Den breie, austvende Mjelddalen opp frå fjorden ved Haus er det rikaste jordbruksområdet på Osterøy. Mjeldegardane er mellom dei eldste på øya og ber alle kjenneteikn på ein gammal storgard. Her var det sete for leidangen og seinare tingstad for Mjelde skipreide. Her vart kyrkja bygd, og Mjeldegardane har vore både kongegods og kyrkjegods før dei kom i bondeeige. Langt dei fleste av dei husmennene som fanst på Osterøy, var samla kring desse gardane. Frå mellomalderen var Mjelde eit eige kyrkjesokn, under Haus prestegjeld. I Mjelddalen var det kyrkje fram til siste halvdel av 1800-talet.